Utanfor Spektrum

Fattig i ånden

Mange talar varmt om norske verdiar, men førsteinntrykket tilreisande får av Oslo på Jernbanetorget, snakkar eit tydlegare språk enn ord. Inngangen til sentrum er omkransa av glorete kjøpesenter som har fått lov til å bruka namn som Byporten og Oslo City. I den lyspynta adventstida er Jernbanetorget som ein scene frå «Piken med svovelstikkene». Narkomane, barn utan sosialt tryggingsnett og tiggande romfolk sit på asfalten i isnande slaps og må vakta seg mot tunge armar med lågthengande handleposar. I helga blir denne årlege tilbakevendinga til det gamle standssamfunnet komplett med grotesk ironi. Ein gigantisk, elektronisk reklameplakat annonserer nemleg at «Les Misérables The Arena Spectacular» blir vist i Oslo Spektrum. Musikalversjonen av Victor Hugos roman har alltid levd sitt eige liv langt unna dei verkeleg elendige, men når ein losje i konsertarenaen – der du kan stemma i allsong på «Do you hear the people sing?» – kostar opp mot 50.000 kroner midt i dyrtida, kan ein slå fast at det arkitektoniske 80-talsmonstrumet Spektrum hegnar om Oslos ånd frå jappetid til notid. GK

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Bøker

NRK-leserne hater denne boka: – Smisker med Booktok

Bibliotek

Én av fire biblio­tek­an­satte har opplevd forsøk på påvirkning, ifølge ny rapport. Skole­bi­blio­te­karen ved Valle Hovin videre­gå­ende advarer mot «mikro­sen­sur».

Medier

Pete Hegseth vil direkte­sende henret­telsen av en drapsmann. En kalkulert forråelse av den ameri­kanske kulturen, mener Arne Johan Vetlesen.