Unge Venstre vil gjere det til ei hovudsatsing å gjere Venstre til eit tøffare parti.
Det inneber ei kraftig opprusting av forsvaret, ei mykje meir omfattande førstegongsteneste og ei tøffare linje i møte med Russland.
Annonse
I programarbeidet som no går føre seg i Venstre, så har Unge Venstre i programkomiteen teke dissens på eit punkt.
Dei vil ikkje at partiet skal jobbe for at Noreg skal signere FNs atomvåpenforbod-avtale.
– All den tid vi ser ei verd der spenningsnivået aukar – med krig på kontinentet, eit Kina som når som helst kan invadere Taiwan, og Nord-Korea som blandar seg inn i krigen i Ukraina – meiner vi det er farleg for Noreg å signere denne avtalen. Dei demokratiske landa kan ikkje gje frå seg fortrinnet det er å ha atomvåpen no. Det er naivt å meine noko anna, seier nyvald leiar i Unge Venstre Omar Svendsen-Yagci, og legg til:
– Før i tida var Unge Venstre pasifistar som var mot verneplikta, mot våpen og for å signere FNs atomvåpenavtale. No blir vi kalla «krigshissar» eller «hauk», og det er merkelappar vi lever godt med. No må Venstre også bli endå hardare.
Tøffe ungdomsparti
Dei fleste ungdomspartia er no leia av unge menn, og mjuke verdiar ser ikkje ut til å stå høgt i kurs.
Denne veka skreiv Klassekampen om Senterungdommen, og korleis deira nyvalde leiar er lei av klimapolitikk og vil kjempe for mykje meir oljeutvinning. Det skjer etter eit år der Unge Høgre-leiar Ola Svenneby og FpU-leiar Simen Velle har kniva om å vere strengast i innvandringspolitikken.
Svendsen-Yagci seier sjølv at målet hans er å gjere Venstre til eit tøffare parti.
– Eg meiner at Venstre må stå for ei mykje tøffare linje. Vi må investere stort i forsvaret. Vi treng eit større og meir profesjonelt forsvar, og vi må vere villige til å bruke dei pengane som er naudsynte for å sikre det. Vi må også opne for at Nato-land kan ha basar i Noreg, og vi må gå vekk frå at det ikkje blir utført militære øvingar aust i Finnmark nære den russiske grensa, seier han, og legg til:
– Vi har snakka om å bruke to prosent av BNP, men det er naturleg å diskutere tre prosent eller endå meir. Vi må sikre eit sterkt forsvar som kan forsvare dei felles verdiane vi deler med våre allierte i Nato.
For demokrati
Unge Venstre-leiaren understrekar at ungdomspartiet framleis er tilhengjarar av ei verd utan atomvåpen, og at dei meiner at der fornuftig å signere avtalen om atomvåpenforbod ein gong i framtida.
Annonse
Akkurat no er det likevel ikkje slike ting som gjeld.
– No står kampen mellom autoritære krefter og liberale demokrati. Noreg er ikkje tent med at verda blir styrt av diktatur og autoritære leiarar, og difor er vår tryggleik avhengig av at vi bidreg til kampen for demokrati og liberale demokrati. Det er det som skjer i Ukraina akkurat no, dei kjempar for det liberale demokratiet.
– Kva betyr det, eigentleg? Ukraina var jo berre litt demokratisk før fullskalainvasjonen. Korleis handlar denne krigen om demokrati?
– Det president Zelenskyj seier, er at hans mål er heilt tydeleg. Det er å sikre at Ukraina ser eit stabilt og sterkt demokrati og overvinner korrupsjonen i landet. Det var då Ukraina vende seg mot Europa at Russland bestemte seg for å invadere landet.
– Det er jo mange som døyr i krigen, er det ikkje ønskjeleg med ein fred snart?
«Vi ønskjer å støtte Ukraina med absolutt alt dei treng.»
— Omar Svendsen-Yagci, leiar i Unge Venstre
Annonse
– Jau, men den einaste vegen til fred er at Ukraina vinn krigen. Difor er våpen også fred i denne samanhengen.
Alt som trengst
For å sikre at Ukraina vinn krigen mot Russland, meiner Unge Venstre at Noreg må gje dei så mykje våpen og pengar som dei ber om.
– Vi ønskjer å støtte Ukraina med absolutt alt dei treng.
– Bør dei få atomvåpen?
– Nei. Men når Noreg har tent tusenvis av milliardar på denne krigen, burde vi gje Ukraina alt dei treng, både pengar og våpen. Ukraina fører no vår viktigaste fridomskamp, og det er òg Noreg sin fridomskamp. Den viktigaste tryggleikskampen for Noreg er at Ukraina vinn denne krigen. Det betyr at vi både må styrkje innsatsen vår i Ukraina og gje dei det dei ber om, seier Svendsen-Yagci.
Han og Unge Venstre vil også at mange fleire skal inn til førstegongsteneste enn i dag. Det skil seg frå det som har vore politikken til Unge Venstre inntil nyleg, kor dei har markert seg som tydelege motstandarar av både verneplikt og andre formar for pliktår.
– Vi støttar ikkje berre verneplikt, men òg ein mykje sterkare førstegongsteneste og eit vesentleg rusta opp forsvar.
– Kor mykje vil de ruste opp, då?
– Vi vil ha eit betydeleg sterkare forsvar, i tillegg til at våre allierte i Nato bør kunne ha basar i Noreg og trene styrkjer i heile landet. Det er viktig at våre allierte kjenner heile landet, og at dei har trent også aust i Finnmark, seier han.