Per Magne Pedersen har delt denne artikkelen med deg.

Per har delt denne artikkelen

Bli abonnent

– Veljarane vil no spørje seg om det framleis finst skilnader på sosialdemokratar og dei borgarlege, seier Daniel Suhonen om at Jens Stoltenberg får toppjobb i Bilderberg-gruppa.

– Ville Gerhardsen tatt denne jobben?

Slipset blir hengande: Jens Stoltenberg skal jobbe med fagforeiningsknusarar og tek-milliardærar. Her ifrå et besøk på Universitetet i Oslo i 2022. Foto: Christopher Olssøn

Jens Stoltenberg er ny leiar for styringsgruppa i Bilderberg-gruppa, melder Dagens Næringsliv. Framover skal han leie planlegginga av den årlege konferansen, som vert arrangert på luksus­hotell rundt om i Europa og Nord-Amerika.

I styringsgruppa som Stoltenberg skal leie, sit mellom anna den fagforeiningskritiske Ryanair-sjefen Michael O’Leary og tek-milliardærar som Peter Thiel og Alex Karp.

– Dagens sosialdemokrati har eit stort problem når ein sosialdemokratisk leiar ser det som naturleg å ta ein slik jobb, seier Daniel Suhonen, leiar for den sosialdemokratiske tankesmia Katalys i Sverige.

Han har tidlegare vore taleskrivar for den sosialdemokratiske partileiaren Håkan Juholt.

– Veljarane vil no spørje seg om det framleis finst nokre skilnader på sosialdemokratiske og borgarlege parti. Ville Tage Erlander eller Einar Gerhardsen tatt denne jobben? Nei, dei ville faktisk ikkje ha gjort det. Finst det ikkje lenger noko motsetnad mellom arbeidarrørsla og storkapitalen? Det ser ikkje ut til at Jens Stoltenberg meiner det, sjølv om han sikkert ein gong har meint det, seier Suhonen.

– Det er jo akkurat dette som er det store problemet til dagens sosialdemokrati. Ein del leiarar i sosialdemokratiske parti har ikkje noko analyse av verda som skil seg nemneverdig frå dei borgarlege partia, seier han.

Tvilande redaktør

Politisk redaktør i E24 Torbjørn Røe Isaksen seier at jobbskiftet til Stoltenberg først og fremst vitnar om at det er uaktuelt for den tidlegare statsministeren å returnere til norsk politikk.

– Om dette er forumet for å forstå dei breiare politiske trendane for tida, er eg meir tvilande til. Det er eit eliteforum. Eg er for elitar, men dei har også sine avgrensingar, seier Isaksen.

Isaksen understrekar at han sjølv aldri har deltatt på møte i Bilderberg. Han tykkjer at Stoltenbergs jobbval vitnar om at Stoltenberg har vore generalsekretær i Nato, og at det har opna moglegheiter for han.

Langt frå Utøya

Stortingsrepresentant for Raudt Bjørnar Moxnes er også kritisk til jobbvalet til Stoltenberg.

– Bilderberg-gruppa står fram som ein parodi på ein marxistisk satire over kapitalismen og elitens samrøre. Men så er det sant – dette er ikkje ei vitseteikning eller ein konspirasjon. Dette finst faktisk.

– Kva seier det om sosialdemokratiet at dets leiarar endar opp der?

– Det er eit stykke frå Utøya til Bilderberg. Det verkar som at sosialdemokratar av Stoltenbergs støypnad har blitt sosialliberalarar. Det er vel lite som er lengre unna sosialdemokratiet enn dette.

– Kan det ikkje vere fordel at det også finst folk frå venstresida i slike forum, viss dei uansett blir arrangert?

– Nei. Er det nokon som trur at Goldman Sachs og Ryanair let seg påverke av Stoltenberg, og ikkje omvendt? Det trur ikkje eg. Dette er naturlegvis ein arena der dei blir samde om premiss, og der ein kan danne grunnlaget for politiske avgjerder. Eg trur ikkje at Bilderberg er ein stad der Peter Thiel og Ryanair-sjefen møter politiske leiarar for å planleggje auka skatt på kapital eller sterkare arbeidarrettar, seier Moxnes.

Klassekampen har forsøkt å få tak i Jens Stoltenberg utan å få svar.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!