Ken Jackson har delt denne artikkelen med deg.

Ken Jackson har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Sterke krefter på borgarleg side vil kutta i sjukelønna. Men 66 prosent av befolkninga vil halda på dagens ordning, syner nye tal.

Folk flest vil ikkje ha kutt

Støtte: Eirik Paulsen er lite sjuk, men støttar sjukelønnsordninga. Full lønn ved sjukdom blei innført i 1978, men fleire tar i dag til orde for å svekka ordninga.

Fleire tar til orde for å endra sjukelønnsordninga, men ute blant folk har ho brei støtte. I ei måling tatt opp av Norfakta for Klassekampen svarer 66 prosent av dei spurde at dei er ganske eller heilt einige i at arbeidstakarar framleis bør få full lønn under sjukdom i inntil eitt år.

Berre 13 prosent er ueinige i at arbeidstakarar bør få full lønn under sjukdom i inntil eitt år, viser undersøkinga.

47 prosent svarer at dei er heilt einige, mens 19 prosent svarer ganske einige at folk bør behalda lønna ved sjukdom.

Det er lenge sidan Eirik Paulsen har vore sjuk. Han måtte ta éin dag då han fekk korona for ei stund sidan. Men sjølv om han personleg ikkje har hatt så mykje bruk for sjukelønnsordninga, er han blant det store fleirtalet som ikkje vil kutta i ordninga.

– Bør sjukelønnsordninga vera som i dag?

– Ja, det støttar eg, seier han.

Bortsett frå dagen han var heime med korona, er det lenge sidan sist han var vekke frå jobb.

– For mange år sidan braut eg ribbeina. Då gjekk det ei veke, seier han.

Også Edel Renate Vågen, som er tannpleiar, vil halda på sjukelønna.

– Eg tenker at det er dei som er svakare stilt som vil få det dårlegare dersom sjukelønnsordninga blir svekt. Eg forstår arbeidsgivarar, men trur ikkje folk kjem raskare tilbake i jobb med ei økonomisk uro i tillegg, seier ho.

Fleire kvinner

Sjukelønna har sterkast ­støtte blant kvinner.

Heile 53 prosent av kvinnene som er spurt, er heilt einige i at sjukelønnsordninga bør gi full lønn i eitt år. Blant menn svarer 42 prosent det same.

Både blant unge og eldre er det eit fleirtal som er heilt eller ganske einige i at arbeidstakarar bør ha full lønn under sjukdom i eitt år.

Frp opne for kutt

På Stortinget går Venstre inn for å kutta i sjukelønna til 80 prosent av lønn etter seks månadar med sjukemelding, med mindre ein går over til gradert sjukemelding, som betyr at ein jobbar redusert.

Nestleiar i Framstegspartiet Hans Andreas Limi opna nyleg for å kutta i sjukelønna ved korttidsfråværet. Limi er leiar for programkomiteen i Frp som går inn for sjukelønnsendringar, utan å konkretisera forslaget. Sjølv om forslaget er litt ulikt Venstre sitt forslag, og Høgre framleis ikkje er for eit kutt i sjukelønna, håpar Limi at alle dei borgarlege partia kan bli samde om ei utgreiing om sjukelønnsordninga.

I Høgre ønsker partileiinga å freda dagens sjukelønnsordning i neste stortingsperiode, men ute i partiet er det fleire som tar til orde for endringar.

For tida går det føre seg forhandlingar mellom partane i arbeidslivet om avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). Her er sjukelønnsordninga eit sentralt tema. Tidlegare IA-avtalar har freda sjukelønnsordninga. No vil NHO ha ei opning for at det i neste periode skal vera mogleg å gjera endringar i sjukelønna.

Fire av ti i Høgre

Nesten fire av ti Høgre-veljarar var heilt einige i at det bør vera full sjukelønn i eitt år, mens nær fem av ti Ap- og Frp-veljarar sa det same. Blant Raudt- (84 prosent) og SV-veljarar (61 prosent) var det flest som var heilt einige i at det bør vera full lønn ved sjukdom i eitt år.

Bør arbeids­ta­karar framleis få full lønn i inntil eitt år ved sjukdom?

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!