Tone Zander har delt denne artikkelen med deg.

Tone Zander har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Ap-profilane Støre, Tajik og Vestre kan stikke av med alle stortings­plassane frå Oslo. Ap-laga i Groruddalen åtvarar mot ei eliteliste.

Går mot kamp i Ap

Eitt krav: Ap-laga i Groruddalen krev at Kamzy Gunaratnam må få halde på andreplassen på stortingslista til Oslo Arbeidarparti, som ho også fekk for fire år sidan. Foto: Hanne Marie Lenth Solbø

Klassekampen har prata med leiarane for Ap-laga i Groruddalen, og dei har eitt klart krav når nominasjonsprosessen i Oslo Arbeidarparti no spissar seg til:

Kamzy Gunaratnam må få halde på andreplassen på stortingslista til Oslo Arbeidarparti, som ho også fekk for fire år sidan.

– Kamzy har gjort seg fortent til å halde fram på Stortinget, seier leiar i Alna Arbeidarparti Mari Morken.

Det kan vere dårleg nytt for Hadia Tajik, som ifølgje Dagbladet også ønskjer ein av topplassane på lista.

På meiningsmålingane ligg Arbeidarpartiet nemleg an til å berre få tre stortingsrepresentantar frå Oslo. Sidan både partileiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Jan Christian Vestre i utgangspunktet skal vere sikra ein trygg plass på lista, kan andreplassen, som Gunaratnam har i dag, vere Tajik sin einaste veg til ein plass på Stortinget.

Seks om tre

Dagens stortingsrepresentantar Frode Jacobsen, Kamzy Gunaratnam og Trine Lise Sundnes ønskjer attval, og det gjer også partileiar Jonas Gahr Støre.

Førre veke skreiv Dagbladet at tidlegare nestleiar Hadia Tajik ønskjer ein av topplassane, og denne veka vart det klart at også helseminister og nestleiar Jan Christian Vestre gjer det. Det betyr at det no er seks personar som ønskjer å sitje på Stortinget, medan Arbeidarpartiet berre har tre sikre plassar ifølgje meiningsmålingane.

Leiar i Grorud Arbeidarparti, der Gunaratnam kjem frå, vil åtvare mot å lage ei liste som gjer at Arbeidarpartiet endar opp utan stortingsrepresentantar frå Groruddalen.

– Det ville ha vore veldig dumt om vi enda opp utan stortingsrepresentantar frå Groruddalen. Vi såg i lokalvalet i fjor at valdeltakinga er på veg nedover i fleire bydelar i Groruddalen, medan ho ligg stabilt på vestkanten. Dersom Arbeidarpartiet skal gjere eit godt val, så må vi gjere det godt også på austkanten, seier leiar i Grorud Arbeidarparti Anders Ørnø Røberg-Larsen.

– Og det er enklare dersom ein av toppkandidatane kjem frå Groruddalen?

– Det er enklare dersom vi har kandidatar som folk kan kjenne seg att i. Vi treng representantar som er opptekne av det som rører seg hjå oss, seier Røberg-Larsen.

Han understrekar at dette er hans personlege meiningar.

Stovner og Alna er samde

Og også leiarane av Stovner og Alna Arbeidarparti er klare på at det er ein dårleg ide å nominere ei liste som legg opp til at ingen frå Groruddalen kjem inn på Stortinget.

– Eg meiner at det er veldig viktig at Groruddalen er representert, og eg meiner at det er viktig at Kamzy kjem inn på Stortinget, seier leiar i Stovner Arbeidarparti Roar Gravdahl.

– Kvifor det?

– Det er viktig at grasrota i partiet er representert, og ho har vore ein tydeleg talsperson for dei problema som vi har på austkanten. I Ap er vi tradisjonelt opptekne av kjønnskvotering og variasjon i alder, og vi må også vere opptekne av geografisk representasjon, seier han.

Og leiar i Alna Arbeidarparti Mari Morken er samd.

– Kamzy vann ein nominasjonskamp for fire år sidan, og sidan den gong har ho bevist at ho fortener den plassen, og bør halde fram på Stortinget.

– Korleis då?

– Ho har levert på saker, og vore ei tydeleg røyst for Groruddalen og austkanten av Oslo.

– Kva tenkjer du om at Hadia Tajik ønskjer seg på Stortinget frå Oslo?

– Ho er ein dyktig politikar ho også.

Vestre er klar

Klassekampen har forsøkt å kome i kontakt med både Hadia Tajik og Kamzy Gunaratnam, men dei har ikkje svart.

Helseminister og nestleiar i Arbeidarpartiet Jan Christian Vestre seier at han er klar til å bli stortingsrepresentant, og at han trur at Ap kjem til å få fleire enn tre representantar frå Oslo.

– Ambisjonen vår er å få langt fleire enn tre, og eg trur vi kjem til å klare det. Politikken vår er den beste, og det skal vi vise i valkampen.

– Kva tenkjer du om at du kjem inn frå utsida og kanskje gjer rommet mindre for kandidatar som har vore aktive i Oslo-politikken og i Oslo Arbeidarparti lenge?

– Eg har stor respekt for at det er medlemmane og nominasjonsmøtet i Arbeidarpartiet som skal bestemme kven vi skal nominere, og i kva slags rekkefølgje, seier Vestre.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!