Holly
Bål
Eg kan kjenna det på jakka, sekken og håret. Dei tende bål på turen med barnehagen i dag.
Mens eg sat bak PC-en min og berre fekk eit glimt av sola som var framme, som sneik seg ned mellom to høge hus ei lita stund i novemberen, la barnehagen på veg ut på tur. Mens eg sat på stolen min, var skogen heile verda for femåringane i nokre timar.
Tende de bål, spør eg nokre timar seinare, før dagen snart er omme.
Ja, seier han.
Fyrst har han gløymt det meste, må hala orda om dagen ut av han, men så kjem han på korleis dagen har vore og manar fram verda slik ho var for nokre timar sida.
Jørn tende bål, seier han. Me åt fiskekaker som me varma på bålet og fekk kjeks som ikkje Jonas kunne ete, fordi han ikkje toler gluten, og som var beige. Eg har ein vedkubbe i sekken, seier han.
Var det kjekt, spør eg. Mm, seier han.
Kven heldt du i handa, spør eg.
Olav og Alfred, seier han, og eg prøver å sjå føre meg korleis turen var oppe på byfjellet, med samling rundt bålet og utlevering av fiskekaker, og dei to som ikkje liker fiskekaker, og han som ikkje toler gluten, og ho som frys på fingrane og han som må på do.