Arnt Nordli har delt denne artikkelen med deg.

Arnt Nordli har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Kvifor brukar ikkje menn moglegheitane dei har?

Likestilling for menn, kva er det, spør Jørgen Lorentzen i Klassekampen 13. august, der han snakkar fram Mannsutvalet over to sider. Loretzen går inn på Mannsutvalet si drøfting av gutar og utdanning og er opplagt frustrert over at gutar gjer det dårlegare i alle fag gjennom heile skoleløpet og at gutar er i eit dramatisk mindretal i ei rekke profesjonsutdanningar, slik som lege, tannlege, psykolog og pedagog. Kvifor har det vorte slik? Lorentzen spissar spørsmålet: «Finner man suksessfaktoren for endring av jenters skoleprestasjoner, kan vel de også brukes for gutter?» Det kan hende svaret ikkje er så enkelt. Eg vil peike på nokre av dei viktigaste faktorane som har gjort det mogleg for jentene å ta ut sin intellektuelle kapasitet i skolen.

Med vedtak av Mønsterplan av 1974, fekk gutar og jenter likt timetal i alle fag i skolen og det vart slått fast at det skal stillast likeverdige krav til gutar og jenter i alle fag og i alle aktivitetar i skolen. På sekstitalet hadde elevane lærebøker i matematikk der det mellom anna stod: «Jentene treng ikkje rekne nr. 25.»

Forventningane i samfunnet var slik at jentene ikkje hadde behov for særleg teoretisk skolering, fordi «vår bestemmelse er å giftes».

Samtidig med at jentene fekk høve til likeverdig utdanning og forventningar om å skaffe seg utdanning og jobb for å forsørgje seg sjølv, kjempa kvinnerørsla fram krav om barnehagar. Brått vart det mogleg for kvinner å tenkje seg både eit yrke og familie med barn.

Poenget er at for menn har det aldri vore noko problem å kombinere jobb og familie og ingen har stilt spørsmål ved om menn har kapasitet til å utdanne seg i alle fagretningar. Kvinner har kjempa hardt mot teoriar om at dei ikkje forstod matematikk, ikkje kunne klare å studere til lege, ingeniør og ikkje var kompetente til leiande stillingar. Dei som har gått i spissen, kan fortelje kva det har kosta.

Lorentzen stiller spørsmål ved om det gir høgare livskvalitet og eit betre samfunn om vi får ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad. At kjønnsmangfald gir eit betre arbeidsmiljø, er i alle høve ei vanleg oppfatning og det er god grunn til å tru at dersom gutane fekk møte fleire flotte og trygge menn i barnehage og skole, vil det vere med på å gje gutane gode menn å identifisere seg med. Dersom vi fekk fleire menn til å velje jobb i barnehage, skole og sjukeheim, vil det kunne kurrene både feminitetsfobi og endre oppfatninga av at det berre er løn og status som er viktig for menn. Det vil kunne gi både høgare livskvalitet og eit betre samfunn.

Lorentzen undrast over kvifor ingen undersøker kvifor jentene no går forbi gutane i skoleprestasjonar, når det før syttitalet var motsett. Eit opplagt svar er jo at for første gong i historia har kvinnene fått moglegheit til utdanning på like vilkår med gutane. Men eit like opplagt spørsmål for vidare undersøkingar, er jo kvifor ikkje gutane brukar sine moglegheiter med like stor kraft?

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!