Nils Henrik Smith har delt denne artikkelen med deg.

Nils har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Folkets matmor – på nynorsk

MÅLKVINNE: Ingrid Espelid Hovig.

Kåre Bulie heidrar med god grunn Ingrid Espelid Hovig 30. juli. Diverre ser han som så mange andre ikkje noko til språket i all matosen. Eg hadde venta meir av ein spaltist i Klassekampen, så her er kortversjonen av det eg skreiv om henne i serien «Bokhistorier» i Dag og Tid våren 2019.

Hovig voks opp i ein familie av målfolk som las Gula Tidend, var hushjelp for finfolk og utdanna seg til husstellærar i miljø der lite var skrive på nynorsk. Dialekten normert i retning nynorsk var der like frå den første tv-sendinga hennar våren 1956 og i dei tre husmorfilmane ho var med i.

Ho snakka dialekt offentleg i ei tid då det ikkje var greitt å gjere. Kan eg ikkje bruke dialekten min, må eg seie opp med det same, sa ho til sjefen i Opplysningsutvalet for fisk i 1950-åra. Ho blei og reiste land og strand rundt i ein blå buss med gode råd om fisk.

Posisjonen som matmor for folket vann ho først og fremst munnleg med over 300 episodar av Fjernsynskjøkkenet mellom 1965 og 1998. Stoffet derifrå stod på nynorsk i Programbladet og i seinare bøker. Dei tre første bøkene ho skreiv sjølv, var på nynorsk. NRK var språkleg trygg grunn for henne. Det var ikkje bokbransjen.

Etter fleire nynorskbøker på Samlaget blei ho Gyldendal-forfattar i 1975. Stort sett styrte dei profilerte nynorskbrukarane Andreas Skartveit og Geir Mork dette forlaget frå 1978 til 2015. I desse tiåra sende Gyldendal ut over 60 utgåver av bøker frå Hovigs kjøkken. Dei fleste var redigerte frå svensk og omsette til bokmål. To laga ho på nynorsk i Skartveits år, ingen i Mork-tida.

Den munnlege, nynorske språkføringa var hennar journalistiske vassmerke, men det viste lite att i alle bokmålsbøkene. Sjølv diftongane måtte ut. Ho som aldri tok ordet steke i sin munn, måtte med få unntak skrive det i bøkene sine.

Då Hovig døydde hausten 2018, minte fleire om kor språkleg elegant og nærverande ho var. Ingen nemnde at bokskrivaren berre unntaksvis fekk bruke det språket som var med og gjorde henne til tv-stjerne om lag då Arne Brimi tok til på skulen. Som forfattar debuterte han i 1987 med «Frå Lom til Lyon». Universitetsforlaget gjorde det dei kunne for at boka skulle vere på bokmål. Då blir det ikkje bok, sa Brimi. Mange år seinare presterte Samlaget å takke nei til ei brødbok av Lom-meisteren Morten Schakenda. Aschehoug sa ja i 2009, men forlaget kravde diverre bokmål, sa han til meg.

Det skjer gong på gong. Skriv ein forfattar med bokmålsbakgrunn bøker på nynorsk, spør gjerne journalistar raskt: Kvifor skriv du på nynorsk? Bøker på bokmål frå nynorskforfattarar utløyser aldri tilsvarande spørsmål. I tilfellet Hovig bladde jamvel biografen Ingar Sletten Kolloen forbi språket i bøkene hennar.

«Hun har alltid vært en eminent representant for målsaken», sa forleggjaren Lars Røtterud i Gyldendal til Dagbladet sommaren 2017. Slike utsegner frå dei store forlagshusa bør kritiske spaltistar og journalistar ta med ein neve maldonsalt.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!