Forsvarspolitikk 21. sep.
Nivåsenking Om ein skal tru forskarane (kva forskar dei på, for kven? Det må ein finne ut av sjølv) som skriv her i avisa 17. september, er Noreg sin tryggleiksinteresse så samanveva med USA sin at ein kvar svekking av USA sin verdspolitiske posisjon utgjer ein fare for oss. Difor må vi delta på alle moglege amerikanske eventyr: Dels for å vise at vi er ein lydig og verdifull alliert, og dels av di vår objektive nasjonale interesse krev at USA er sterkare enn alle andre i verda.
Det er verdt å merke seg at ein her følgjer logikken til dei deler av den amerikanske utanrikspolitiske tankeverda som ivrig talar om Tukydid i samanheng med Kina sin framvekst, i tyding at ein etablert stormakt om nødvendig vil gå til krig for å ikkje verte akterutsegla av ein framveksande rival – det er altså ein ikkje ubetydeleg fare for at dette sporet vil føre til storkrig, men det bryr tilsynelatande ikkje kronikkforfattarane seg om. At dette sporet vil gjere det svært vanskeleg å møte dei faktiske eksistensielle problema vi står overfor i miljøsaker, er heller ikkje nemnt.
Ikkje noko av detteer nye taktar frå det borgarlege utanrikspolitiske etablissementet her i landet, og det er like gale no som det var i 2011, 2003, 2001 – eller 1955, for den saks skuld. Det interessante her er at det kjem kledt i vitskapleg autoritet. Slik går det til at dei ikkje føler seg kalla til å imøtegå venstresida sine tradisjonelle argument mot deira standpunkt i Venstresidas Dagsavis: Når forfattarane nyttar sine titlar, kan dei heve seg over simpel politisk diskusjon, og nøye seg med å konstatere, i vitskapsformidlinga og folkeopplysingas namn.
I eit liberalt danningssamfunn er dette det omvende av den funksjonen akademikarar skal ha i det offentlege ordskiftet.
Øystein Monsen,