Holly 15. juni
Sko 2 Europameisterskapet er i gang, og mange hjarter gleder seg (mens andre alt er leie, eller knapt har fått det med seg).
Merksame lesarar hugsar at eg nyleg kjøpte meg nye sko. Eit par joggesko som er så gode at eg knapt har hatt betre. Men eitt par sko gløymer eg ikkje. Dei gamle fotballskoa som eg sleit i filler.
Dei var svarte med tre kvite striper, hadde faste knottar og lisser, må ha vore størrelse 37, foten var nesten utvaksen. Dette var ganske vanlege sko altså, men etter treningar og kampar i all slags vestlandsvêr blei dei betre og betre. Skoa hadde eg i fleire år, og dei var med til kvar ein liten grusbane, og innimellom faktisk også ein grasbane, i kvar ei lita bygd, og jammen også ein litt større by.
Dei fekk vera med på tap, og blei sikkert slengt ned i sekken med kraft og styrke, men faktisk fekk dei flest sigrar.