I samråd med helseførtaka har styresmaktene no kategorisert pubertetsutsettjande behandling som eksperimentell. Dette kan få store negative konsekvensar for ei særs sårbar gruppe unge menneske.
Innstrammingane ser til dels ut til å vera eit resultat av den britiske Cass-rapporten, eit heller tvilsamt stykke forskingsarbeid som mellom anna nyttar politiske antitransorganisasjonar frå dei amerikanske sørstatane som kjelder. Rapporten har ogso fått sterk kritikk frå organisasjonar, av både medisinsk personell og transrettsgrupper, over heile verda, frå New Zealand til Canada.
Eg skal likevel lata denne rapporten liggja, og fokusera på grepet dei norske styresmaktene har gjort.
Anne Wæhre, overlege ved Rikshospitalet, har uttalt til Klassekampen at: «Vi vet faktisk veldig lite om effekten av behandling, ikke minst sikkerheten ved behandlingen.»
Dette er til dels sant. Det er dårleg med store studiar, og studiar over tid, der ein evaluerer konsekvensane av pubertetsutsettjande medisin for ungdom. Dette er mellom anna fordi få unge får slik behandling, og fordi det er etisk vanskeleg å forska på eit slikt tema. Ein kan ikkje akkurat gje placebo til transborn for å sjekka om dei vert lukkelegare av det. Det ville vore fenomenalt uetisk.
«Dei studiene som finst peikar i positiv retning»
Det tyder likevel ikkje at det ikkje finst studiar i det heile, og dei som finst peikar i positiv retning. Ein kritisk gjennomgang av forsking på feltet er frå 2020 av Lynn Rew med fleire. Forskarane er tydelege på at meir forsking må gjerast for å «betra situasjon til denne svært utsette gruppa,» men at forsking til dags dato har vist «få alvorlege nedsider og fleire potensielt positive grunnar» til å gje transungdom pubertetsutsettjande behandling.
På den andre sida kan det vera alvorlege konsekvensar ved å ikkje gjera det. Dette handlar særskild om psykisk helse. All forsking peikar i retning av at transungdom har mykje større utfordringar med mental helse enn dei som er cis-kjønna, ogso samanlikna med andre seksuelle minoritetar som homofile.
I ein studie frå 2022 undersøkte ei gruppe forskarar den mentale helsa til over hundre transungdomar over ein periode på eitt år. Konklusjonen var utvitydig. Tilgang til pubertetsutsettjande behandling eller behandling med hormon betra den psykiske helsa deira kraftig. Kanskje viktigast reduserte behandlinga særskild risikoen for sjølvmordsforsøk.
Det finst altso eit truverdig og aukande korpus av studiar som viser at me burde støtta transungdom både sosialt og medisinsk, eit korpus korkje Cass-rapporten eller Rikshospitalet tar omsyn til.
Den psykiske og fysiske helsa til born er noko me skal handsama med stor varsemd. Spørsmålet er om det i dette tilfellet skadar borna meir å vera overdrive restriktive med medisin enn omvendt.