Det er vel kjent at den norske NRF-kua (Norsk Rødt Fe) er avla fram for å produsere både kjøtt og mjølk. Ved å samle sæd frå oksar som var avkom av høgtytande kyr, og ved hjelp av kunstig sædoverføring, lykkast det å få fram ei svært effektiv kombinasjonsku. Det opphavlege avlsmålet: «høg mjølkeavkastning, høg feittprosent og samtidig kraftig og kjøttsatt kroppsbygning», vart ein stor suksess. Denne kombikua vart innført gradvis på så godt som alle norske gardsbruk, ved at gardens eigne kyr vart inseminert med sæd frå NRF-oksar. Etter tre generasjonar med inseminerte kyr var buskapen på ein vanleg norsk gard 87,5 prosent av NRF-rase. Avlsprogrammet vart i si tid leia av den legendariske professor Harald Skjervold ved daverande Noregs landbrukshøgskole. Ved å registrere framgangen i avl frå år til år i regi av bøndenes eige selskap Geno, har det lykkast å få fram ei frisk, høgtytande kombinasjonsku med godt lynne og utan horn. I dag blir det eksportert genar frå denne kurasen til ei rekkje land.
Eksport av genene til den norske kombikua kan redusere utslepp av klimagassar og bidra til å avkjøle kloden globalt.