DebattStipend-striden

Terningkast fire, Fyksen

Igjen: Det er heilt ålreit at Bjørn Ivar Fyksen ikkje anerkjenner stilen eller språkflokane mine, no sist i innlegget 2. april (med innsendt tittel «Kvalitetsargumentet», endra av redaksjonen til «Terningkast to, Fyksen» for å halda jazztemperaturen oppe, vil eg tru). Men stil og saklegheit er meir enn Fyksens belærande tone, og vi ytrar oss på ulikt vis. Det tenar oss alle at vi nærmar oss fleire utfyllande bilete gjennom polemikkens vesen. DnF får eventuelt svara for seg, ikkje minst rundt «organisatorisk splittelse». Mange meinar mykje om organiseringsforma. Årsmøtet i DnF anerkjente både viktigheita av foreiningas eigenart, med kvalitetskriterier i botn, og foreiningas vilje til samarbeid med andre forfattarorganisasjonar. Eg uttaler meg som kjent berre som bøkeskogtilbøyeleg elitistriddar i solnedgang, ikkje på vegne av DnF, men tekstimellom småkjeklinga vi ser her i innlegga, finst klar meining i soloppgang. Fyksen lirkar i poenga og klargjer det som er klart for dei fleste med interesse for feltet, men som dessverre har blitt forsøkt tent som eksempel på at DnF undergrev kvalitetsperspektivet og berre gjev stipend til sine eigne. Nepotisme som passar mediedøgnets klikkeri? Blir du innstilt og mottar eit Statleg Kunstnarstipend, er du mest sannsynleg medlem i (og sjølvsagt kvalifisert til) DnF. Stilmessig streit nok skreiv eg òg: «Dei som innstiller til Statens Kunstnarstipend bør sjølv vera fagfellevurdert og inngå i ein kvalitativt vurderande komité der stipendinnstillinga først kjem etter ein grundig diskusjon som inkluderer det å lesa forfattarens siste verk og tidlegare forfattarskap.» At Fyksen òg gjer det klart at dette handlar om kvalitativ vurdering av litteratur, heller enn representasjon og forfattargodar, er bra, og på sin plass.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Debatt

Naza

Takk for vinklinga!

Torsdag 22. oktober skriver Marianne Dahl at hun er skuffet over Klassekampens vinkling når det gjelder dokumentaren «Naza», som de israelske filmskaperne Yuval Abraham og Rachel Szor fikk juryens spesialpris for i Cannes i år. Filmskaperne har fått mye åtgaum og ros fra mange hold. Det Marianne Dahl reagerer på, er en artikkel 20. oktober. I artikkelen slipper avisa til synspunktene til Martin Krasnik, redaktør i danske Weekendavisen og Hynek Pallas, filmkritiker og kulturskribent i svenske Expressen.

Skole

Skole­so­sio­lo­genes skjebnetro

Klara Furuberg har rett i nesten alt i sin kronikk i Klassekampen 19. oktober. Det er en krise i norsk skole, og hun har rett i at de norske fagmiljøene bortforklare tallene i stedet for å foreslå noe. Det pedagogiske forskningsmiljøet ved Universitetet i Oslo slår til og med fast i sin Pisa-rapport at «den norske skolen er ikke dårlig», altså vi trenger ikke tiltak, på tross av alarmerende resultater. I andre landrapporter er manglende kvalitet på opplæringen problematisert og synliggjort, som i Tyskland. Det er likevel noe som bør oppklares. Hun kaller det hun angriper for pedagogikk. Det er feil. I pedagogikken kan man ikke bruke bortforklaringer.

Rødt

Grieg og krig

Det er forskjell på ein fredsforkjempar og ein pasifist. Lars Borgersrud (21. oktober) har derfor rett i at Nordahl Grieg ikkje var pasifist. Her er eit argument til – den 28. februar 1943 skreiv nemleg Grieg til diplomaten Rasmus Skylstad i den norske London-regjeringa: «Det er nødvendig for mitt arbeid at jeg får være med britiske bombefly på et nattangrep over Tyskland, gjerne Berlin. Alt som kan fortelles om angrep på våre fiender, er en hjelp for dem hjemme i denne tunge tiden.