Kari Kristensen har delt denne artikkelen med deg.

Kari Kristensen har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Det er tronge tider, men samstundes er det fest på børsen. Økonomiprofessor trur at vi har blitt lurt.

Dyrtida tar ikkje alle

Dei rike har det godt: Økonomiprofessor Kalle Moene meiner at tidene vi er inne i, ikkje er ei økonomisk krise, men ei fordelingskrise. Her er han på kontoret på Universitetet i Oslo. Foto: Christopher Olssøn

Éin må ut: Noregs Bank trur at 35.000 hushald kan ha betalingsproblem på grunn av den høge renta. Talet på inkassosaker har stige med 30 prosent på eitt år. Fleire må gå på sosialhjelp, det siste tryggleiksnettet i velferdssamfunnet. Matkøane til dei frivillige matutdelingane veks. Dei børsnoterte verksemdene betalte ut 269 ­milliardar ­kroner i utbytte i fjor.

– Eg lurar på om vi har gått på ein liten bløff om at det er trongare tider, seier professor emeritus i samfunnsøkonomi Kalle Moene ved Universitetet i Oslo.

– Det er ein måte å snakke på som om det er tidene som råkar folk, men det er fordelinga av inntektene som er problemet, seier han.

Statistisk sentralbyrå starta å måle utbytte frå børsnoterte verksemder i 2012 og denne veka kom tala frå i fjor. Då betalte verksemdene 64 milliardar i utbytte, og fram til 2021 varierte talet mellom 64 og 114 milliardar kroner. I 2022 betalte dei 175 milliardar kroner i utbytte og i 2023 altså 269 milliardar.

Den viktigaste årsaka til dei høge utbyta er gode resultat i olje og finans. Dei største mottakarane var offentleg forvalting og utlandet, med høvesvis 113 og 98 milliardar kroner. Hushalda fekk utbetalt 10 milliardar kroner.

– Det er litt ei myte at det er tronge tider. Det er i alle fall ikkje tronge tider for alle. Det er måten vi ser på det som er feil. Fordeling er ikkje tredjeordninga, det er det som er sjølve saka. I realiteten er det ei ulikskapskrise eller ei fordelingskrise meir enn ei samla økonomisk krise.

– Vi har gått med på ein måte å snakke om økonomiske problem som skjuler dei innbyrdes skilnadane. Vi har fått eit bankøkonomspråk som pregar nyhenda, i staden for å sjå på meir nyansert på det, i eit sosialt klasseperspektiv. Det treng ikkje vere eit attenhundretalsspråk for å skjøne at dei sosiale skilnadane er store og aukande.

Prisstiginga er viktigast

Det viktigaste er å få ned prisveksten, meiner professor på Noregs handelshøgskule Øyvind Anti Nilsen. Han meiner dei høge rentene ikkje råkar dei som lir mest fordi dei ikkje har så mykje lån.

– Vi må få ned prisstiginga. Det er det som bit for dei fattigaste. Dei som har pengar på bok, har det jo kjempegodt. Bankane tener pengar an masse på å ikkje gje særleg med renter på privat sparing, seier han.

DNB åleine vil betale ut 25 milliardar kroner i utbyte.

– Kalle Moene seier det er ei fordelingskrise heller enn økonomisk krise.

– Det synest eg er veldig godt sagt av Kalle. Vi ser oppslag om matkøar og folk som klagar over høge renter, samstundes som vi ser at folk reiser på ferie og norsk økonomi gjer det veldig bra. Det er veldig ulikt fordelt. Dei som verkeleg lir, er dei som hadde eit dårleg utgangspunkt, og dei merkar prisstiginga på 5 prosent og på mat på opp mot 10 prosent, seier han.

For å få ned prisveksten, meiner Nilsen at det viktigaste er å få kontroll på kronekursen.

– Vekslingskursen er ein funksjon av rentene. Det gjer at alle importerte varer vert dyrare. Å ha høge renter vil gagne oss i det lange løpet, for om vi ikkje får kontroll på vekslingskursen, vil vi ha importert inflasjon lenge.

– Eg trur vi vil ha relativt høg prisvekst og renter i eitt års tid. Dei som har lån, vert råka, men det er endå verre for dei som ikkje er i posisjon til å kome inn på bustadmarknaden, men berre lir av prisstiginga.

Fare på ferde

Moene meiner lønsoppgjeret vi no går inn i, er viktig for å bøte på ein del av problema. Kvart år vert det sagt at arbeidstakarane må vise moderasjon.

– Dei store vinstane det siste tiåret har gått til dei rikaste. Det er eit spørsmål om kor lenge folk vil akseptere moderasjon i lønsoppgjera når ein argumenterer med at det er vanskelege tider og samstundes ser dei aller rikaste stikk av med vinsten. Det er den store utfordringa med den norske modellen.

– Eg trur dette lønsoppgjeret er ein slags test på kor stor aksept det er i fagrørsla for dei ordningane vi har. Om dei ikkje får nok gjennomslag, vil det kome misnøye til uttrykk på andre måtar, som streik, seier Moene.

Nilsen trur vi vil få eit kostbart lønsoppgjer, for dei eksportretta næringane som forhandlar først, går veldig bra, og at andre næringar vil krevje like mykje.

– I dei eksportretta næringane, som olje og fiskeoppdrett, går det som det kostar etter. Der kjem det til å kome lønskrav som ikkje liknar grisen, og det er heilt på sin plass. Det kjem til å kome eit dyrt lønsoppgjer.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!