Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen med deg.

Carl S Bjurstedt har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Legeforeningen meiner Helse Møre og Romsdal blir pressa til å innføre eit system som er utrygt for pasientane i fylket.

Ber Helsetilsynet sette på bremsen

Uroa: Anne-Karin Rime, president i Legeforeningen, meiner det einaste forsvarlege er å utsette utrullinga av Helseplattformen. Foto: Hanne Marie Lenth Solbø

Utslite helsepersonell, feil tilvisingar, forsinka behandling og dødsfall. Det er blant konsekvensane av innføringa av journalsystemet Helseplattformen på St. Olavs hospital i Trondheim. Det neste halvåret skal systemet innførast i Helse Møre og Romsdal.

Legeforeningen uttrykker stor uro over det dei kallar ein alvorleg situasjon. I ei bekymringsmelding til Helsetilsynet og Statsforvaltarane i Møre og Romsdal og Trøndelag ropar dei varsku for pasienttryggleiken.

Systemet er utvikla av det amerikanske selskapet Epic for sjukehus og kommunar i Midt-Noreg. St. Olavs hospital i Trondheim var først ut, og dei andre seks skal etter planen følgje på i år.

Alvorleg situasjon

Like før jul gjekk styret i Helse Møre og Romsdal ut og bad om å få utsette innføringa av Helseplattformen. Det overordna helseføretaket Helse Midt-Norge svarte derimot med å overprøve vedtaket. Planen skal følgast. Legeforeningen ber no Helsetilsynet sjå på om det er forsvarleg.

– Eg forventar at dei følgjer opp tilsynet sitt på St. Olavs, og om det er riktig å kunne pålegge Møre og Romsdal eit system dei meiner ikkje er ansvarleg. Ein kan ikkje ta ned helsetenesta i heile Helse Midt-Norge, seier leiar i Legeforeningen Anne-Karin Rime.

Ho er klar til å trykke på alarmknappen:

– Dei blir pålagt eit system dei sjølv meiner kan føre til dårleg pasienttryggleik, seier Rime.

Trass i at Helse Midt-Norge har pålagt Møre og Romsdal å innføre journalsystemet, er det Helse Møre og Romsdal som er ansvarleg for pasienttryggleiken ved sjukehusa i fylket.

Helsetilsynet har tidlegare funne at nokre område i Helseplattformen hadde «særleg høy risiko for svikt i pasientbehandlinga». Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit konkluderte etter eit tilsyn ved St. Olavs i midten av desember at journalsystemet «var uferdig og ikkje tilstrekkeleg testa, og som dermed ikkje legger til rette for forsvarleg og berettiget strålebruk.»

Ber om utsetting

Helseplattforma skal etter planen innførast ved sjukehus i Møre og Romsdal 17. april. Fram til dette har Helse Midt-Norge lovt nye oppdateringar som skal fjerne feil og manglar ved journalsystemet. Dette har verken legar eller Legeforeningen tillit til.

– Vi hadde ei undersøking i fjor før jul, som viste at veldig få har tillit til at systemet han bli betre, seier Rime.

I jula gjekk legar ved St. Olavs hospital ut i Klassekampen og åtvara Møre og Romsdal å innføre Helseplattformen. Dei har vore frustrurtrerte over journalsystemet sidan det blei innført.

– Tilbakemeldinga er at dei andre sjukehusa ikkje må rulle ut systemet før St. Olavs er tilbake i normal drift. Det er dei ikkje. Det er store feil som framleis ikkje er lukka, seier Rime.

Om ein har fått systemet så bra som mogleg, og det ­framleis ikkje er bra nok, bør ein vurdere om det skal innførast i det heile tatt. Ein må vite at systemet fungerer, seier ho.

– Det er vanskeleg fordi det er snakk om ekstremt mykje pengar. Vi må håpe at systemet kan bli bra nok. Det er dessverre slik at mange er frustrerte. Ein har mista tillit etter at feil har blitt retta, utan at det blir betre, seier Rime.

Kan trekke i naudbremsa

Helse Møre og Romsdal har gitt seg sjølv høve til å trekke i naudbremsa: Ti dagar før innføringa skal føretaket gjere ei ny vurdering av om systemet er trygt for pasientane, og klar for å bli tatt i bruk.

Statssekretær i Helsedepartementet Ellen Moen Rønning-Arnesen skriv i ein e-post til Klassekampen at «tidspunkt for oppstart for Helseplattformen vil vere avhengig av at helseføretaket meiner at det vil vere forsvarleg, og at helseføretaket forventar at planlagde risikoreduserande tiltak kjem på plass i perioden fram mot oppstart».

Rime meiner derimot at dette er ein svært uansvarleg måte å gjere det på. Ho meiner det vil skape stor usikkerheit og slite på helsepersonellet i Møre og Romsdal. Helsepersonellet i Møre og Romsdal er nemleg allereie i gang med opplæringa i journalsystemet, slik det er i dag, utan å vite om innføringa blir utsett eller ikkje.

– Dei skal lærast opp i eit system som skal endrast. Det er høgrisiko, seier Rime.

Ho vil minne om situasjonen då Helseplattformen skulle innførast på St. Olavs hospital i 2022. Då blei først heile organisasjonen budd på å gå på, før styret ved St. Olavs stoppa det, fordi dei meinte systemet ikkje var klart.

– Då dei gjekk på eit halvt år seinare, var det framleis mykje feil, og det er det også i dag. Dette tærer på dei ­tilsette å bruke så mykje tid på IT-systemet, når det du ønsker er å behandle pasientar.

Rime legg også til at St. Olavs har eit større vaktlag og høve til å spele på fleire folk enn sjukehusa i Møre og Romsdal, som har fleire vikarar blant helsepersonellet.

Klassekampen har spurt Helsetilsynet korleis dei vurderer uroa frå Legeforeningen og kva handlingsrom som finst. Dei rakk ikkje å svare innan avisa gjekk i trykken i går. Også Helse Midt-Norge blei lagt fram kritikken, men rakk ikkje svare.

Fylkeslegen i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen, stadfestar at Statsforvaltaren der er på saka. Ho skriv i ein e-post til Klassekampen at «tilsynsmyndighetene vurderer saman eventuell oppfølging. Det er for tidleg å kommentere saka utover det».

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!