Nils Henrik Smith har delt denne artikkelen med deg.

Nils har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Igjen har vi dissekert Britney Spears’ privatliv i offentlegheita. Men kva med musikken?

Lyden av Britney

EIN BIT AV DEG: Britney Spears er kanskje historias mest overeksponerte popstjerne, riven i filler av presse, musikkbransje og til slutt sin eigen familie. Foto: Jewel Samad/AFP/NTB

I ’m Miss American Dream since I was 17 … I’m Mrs. Oh My God That Britney’s Shameless … I’m Mrs. Extra! Extra! This just in / I’m Mrs. she’s too big now she’s too thin

I singelen «Piece of Me» frå 2007 går Britney rett på sak. Den gjentakande linja – you want a piece of me – er oppsummerande for tilværet som verdas kanskje mest overeksponerte popstjerne. Sidan ho slo ned som ei bombe i 1998 er ho blitt fotfølgd, kritisert og dissekert – for absolutt alt anna enn musikken sin. Symbolet Britney har gjennom åra svinga som ein pendel: Britney betyr pop, ho betyr uskuld, ho betyr sex, ho betyr gal, ho betyr fridom, ho betyr fengsel.

Som dei fleste har fått med seg, har ho nyleg gitt ut memoarbok: «The Woman in Me». Boka er første gong Britney sjølv tar ordet etter å ha vore under den vanvitige verjeordninga frå 2008 til 2021, der faren Jamie Spears kontrollerte dottera til minste detalj.

Då eg kjøpte «The Woman in Me» dagen etter lanseringa, kunne bokhandlaren informera om at Britney gjekk Jon Fosse ein høg gong. (Ifølgje Circana Bookscan har boka i skrivande stund seld rundt 2,4 millionar eksemplar.) Men reint nyheitsmessig er det ingen store bomber som kjem fram – viss ein har hatt eit halvt auge på popkulturen dei siste ti-tjue åra, veit ein stort sett gangen i historia. Forteljinga hennar er nok eit eksempel på ein tabloid 2000-talskultur som fråtsa i kvinnehat, der presseetikk var eit framandord.

Og sjølv om boka er dårleg skrive, full av forenklingar, motseiingar og klisjear, er det djupt opprørande lesing. Det er ikkje mykje American dream her, heller ein American horror story , ei åtvaring og vitnesbyrd om misogyni, psykologisk manipulering og musikkindustrien på sitt verste. Det er noko kafkask over det heile: At det går an i USA i det 21. hundreåret å halda eit av verdas mest kjende menneske – som først og fremst var ei tobarnsmor i trettiåra – fanga og isolert i tretten år, setta ho på eit beinhardt jobbregime for å tena mest mogleg pengar, og tvangsinnlegga ho på psykiatrisk for det minste teikn på usemje. Men etter å ha lest boka, sett dokumentarar, lest eit utal nyheitssaker, kronikkar og kommentarar, er det eitt spørsmål som konstant blir hoppa over: Kven er musikaren Britney?

Ei flukt, ei redning, ei bombe

Ifølgje Britney sjølv var musikken og dansen først ei tilflukt frå ein traumatisk barndom, med alkoholisert og valdeleg far. Men det var òg talentet og disiplinen hennar som kunne ta familien ut av fattigdom, og det visste ho godt. Ho bar eit enormt ansvar på sine ti år gamle skuldrer då ho blei drilla inn i Disneys Mickey Mouse Club. Og skuldrene tolte vekta: på seint nittital stod Britney i spissen for den pure popens comeback i USA (og dermed resten av den vestlege verda), etter grungen og hiphopens dominans. Saman med namn som Spice Girls, Backstreet Boys, NSYNC og Christina Aguilera, blei Britney ein pop-monolitt, gjennom sin effektive teenpop, tyggispop, dance pop – kall det kva du vil.

Dei to første albuma, for det meste produsert av Max Martin og diverse landsmenn i Stockholm, hadde dåtidas typiske «svenske» lyd: melodiøse, ekstremt catchy poplåtar, med effektiv oppbygging og eit melankolsk drag. Det var songar som hadde «the heft of soap bubbles but the force of trucks», for å sitera musikkjournalist Caroline Sullivan. (Britney var knapt aleine om å ta i bruk svenskane. Høyr for eksempel Backstreet Boys’ «Everybody», NSYNC sin «Bye Bye Bye» og Britneys «Crazy» eller «Stronger» opp mot kvarandre).

Debutsingelen «…Baby One More Time» gjorde Britney Jean Spears til eit fenomen over natta: Ei perfekt blanding av uskuldig og lokkande girl next door , ein amerikansk tenåringsdraum, med den umiddelbart gjenkjennelege stemma: fylt av vilje, lengsel!, vel-arti-ku-lert og rytmisk på grensa til stakkato, med ein utruleg perkussiv snert. Men allereie her fekk Britney mykje tyn for si «irriterande babystemme». Ho syng nemleg med såkalla vocal fry (knirkestemme på godt norsk, personleg likar eg å kalla det Hufsa-lyden). I mange øyre er dette grusomt å høyra på, først og fremst når det kjem frå kvinner – knirkande mannlege rockeartistar får sjeldan same type pes.

Personifiseringa av eit kulturskifte

Som popstjerner flest har Britney mange musikalske og estetiske fasar, men kanskje endå meir enn andre har ho blitt skulda for å vera uekte, ikkje autentisk. Det er ein iheltygga, slapp kritikk, som blant andre Charlie Harding og Nate Sloan slår hol på i si fornøyelege bok «Switched on Pop: How Popular Music Works, and Why It Matters». Det er nettopp den kameleonaktige identitetsskiftinga som er ein av nøklane til Britneys suksess, meiner dei. Ikkje minst illustrerer dei korleis denne shapeshiftinga blir spegla reint musikalsk i ein enkelt song: «Ooops! … I Did It Again».

På starten av 2000-talet personifiserte Britney eit seismisk skifte i amerikansk kultur, ifølgje musikkjournalist Ann Powers i same bok: «not towards the cultivated rawness of rock’n roll, but away from it, into an era dominated by new technologies that throw into question the very nature of the authentic». Autentisitetsjaget var ein kamp Britney, trass all sin kommersielle suksess, var dømd til å tapa – spesielt når dei fleste som skreiv om musikken hennar var middelaldrande menn. Som ho skriv i boka si: «I was never quite sure what all these critics thought I was supposed to be doing – a Bob Dylan impression? I was a teenage girl from the South.»

Etter å ha blitt vekselvis hylla av ein vill, ung fanskare og fnyst av som «dum tyggis-tenåring», kom overgangsalbumet «Britney» i 2001. No tok ho på seg ein heilt ny identitet, og konservative amerikanarar sette kaffien i halsen. Kor blei det av den snille, kristne jenta!? Sjølv om dei fleste musikkritikarar var menn, var den gjengse kvinna heller ikkje nådig. Gjentatte gonger i «The Woman In Me» peiker Britney på kor farleg ho blei portrettert som i pressa og på TV – ein trussel, ei som korrumperer Amerikas ungdom.

«Britney» spring bort frå teenpopen og i retning av ein annan av dåtidas zeitgeistar – tyngre r&b, med meir rytme og mindre melodi, sterkt inspirert av Janet Jackson. Produsentduoen Neptunes, beståande av Pharrell Williams og Chad Hugo, er på plass med sin karakteristiske lyd: dette høgspente, liksom uforløyste, som ofte beveger seg over svært få akkordar – til tider nesten a-melodisk eller dissonant, men mystisk nok frykteleg catchy. (Typ: Nellys «Hot in Herre», Kelis’ «Milkshake», Britneys «I’m a Slave 4 U»).

Bollywood og triphop? Ja, takk

Men det mest interessante albumet kom to år etter, og fyller 20 år i desse dagar: «In the Zone». Då var Britney framleis berre 22, men dette var den fjerde plata, som bringa til torgs ein mykje meir eksperimentell sound. «In the Zone» kom i kjølvatnet av det traumatiske, offentlege brotet med Justin Timberlake. På dette tidspunktet hadde Timberlake allereie gjenoppfunne seg som sexy R&B-dude (også ved hjelp av The Neptunes), mens Christina Aguilera – Britneys tidlegare Mickey Mouse-kollega og argaste konkurrent – fekk enorm suksess med sitt «no har eg vokse opp-album», solide «Stripped».

«In the Zone» tar vidt for seg av sjangerkoldtbordet – noko som er vanleg i popen no, men ikkje for 20 år sidan. Her er Bollywood-samples, kinesiske strengeinstrument, fløyter, triphop, dancehall (med klein jamaicansk patois) og ein tydeleg bruk av «austlege» skalaer. Produsentane var alt frå Moby til R. Kelly og P. Diddy, men no var Britney sjølv med på å pusha eksperimenteringa og å skriva låtane – dei kom ikkje ferdigskrivne frå Max Martins vidunderhjerne.

I 2003 var Britney også blitt stor nok til å få med sitt eige idol – Madonna – som gjest på plata. I boka skriv ho om innspelinga av musikkvideoen, der Madonna stoppar heile crewet fordi det er noko gale med kostymet hennar. Britney blei forbløffa – noko slikt ville ho aldri turt. Å innsjå at Madonna sjølv bestemmer var augeopnande.

Tid for «Toxic»

Det finst nokre deilige deep cuts å henta her – som «Touch of My Hand» eller «Early Mornin’» – men sjølve juvelen er ein av hundreårets beste popsinglar, så merkeleg at plateselskapet så vidt lét han bli med på albumet: «Toxic». Låten er blitt sitt eige popkulturelle fenomen, covra i det uendelege, udødeleg på dansegolvet og ei glede å dissekera for musikknerdar. Kva skjer her? Bollywood-strykarar, sampla og rearrangert til eit skrekkfilm-aktig riff, surf-gitar, ei basslinje så chunky at ho eser ut i øyregangen. Og ikkje minst: stemma som aldri har kome betre til si rett, i ein tekstleg dragkamp mellom det rette versus det freistande, spegla i dur-og-moll-fram-og-tilbake-intonasjonen i melodien.

«In the Zone» selde til dobbel platinum i USA, og fekk rimeleg bra kritikk, sjølv om kritikarane framleis ikkje klarte å halda inne forakta: «Spears sounds about as intimate as a blowup doll», skreiv Jon Pareles i Rolling Stone Magazine – medan Sal Cinquemani i Slant Magazine slo fast at «It’s been fashionable to hate Britney Spears since the day she first tapped her pencil on the side of a desk in her slutty little school girl outfit and pigtails».

Då popmusikken blei kuppa av EDM (altså Avicii, Kygo, David Guetta osv) rundt 2010, var det ein slags fordel for Britney. Ho er vel så mykje dansar som vokalist – berre sjå på musikkvideoane – og EDM-sjangeren sitt fokus på dansegolvet gjorde ho sånn sett ei teneste. Stemma hadde mindre å seia, vokalsterke refreng blei droppa til fordel for instrumental-drops. Men allereie på albumet «Blackout» frå 2007 er vokalen forvrengt, manipulert eller drukna i synth. For dei som synest Britneys babystemme er uuthaldeleg, var vel dette frigjerande, men det gjer òg at musikken hennar mistar eit særpreg. Likevel er det tydeleg at «Blackout» er albumet ho sjølv er mest stolt av. I «The Woman In Me» omtalar ho det som «my best work». Å laga plata var dessutan ei sjeldan gledesfylt stund: eit safe space med musikken, midt oppi eit ras av personlege kriser – og siste smak av personleg og kreativ fridom før tretten år med fangenskap.

For først kom musikken, og den blei Britneys redning: Han gav ho ei trygg hamn som liten jente, og løfta familien frå fattigdom til spektakulær rikdom. Men alt som følgde med pressa ho til brestepunktet og forbi, og musikkindustrien betrakta den store stjerna si som dalte og gjekk i offentleg oppløysing.

I tida framover er ho ikkje interessert i å gi ut album eller spele konsertar, skriv ho i «The Woman in Me». Ho vil synga og dansa berre for seg sjølv, i huset og hagen. Ein del av å «finna kvinna i seg», blir dermed å søka tilbake til den opprinnelege gleda med musikken: denne barnlege fryden i å synga og spela for sin eigen del, når ein har lyst, slik ein har lyst. Kall det gjerne å finna barnet i seg.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!