Argentinske Sylvia Molloy skreiv mellom sjangrar, mellom språk; både på spansk, engelsk og fransk, både akademiske tekster og skjønnlitterære. Ho var skrivelærar og forfattar, og døydde for litt over eit år sidan, 83 år gammal. Boka «Forvitringar», utgitt på spansk i 2011, er no omsett til norsk på det nye forlaget Les Bones Dones, som fokuserer nettopp på latinamerikansk litteratur i spennet mellom skjønn- og sakprosa. Det er altså ei hybrid tekst, 45 korte forteljingar eller miniatyressay eller dagboksnotat, omsett av Bente Teigen Gundersen.
Kva er identitet når ein ikkje kan hugse? Sylvia Molloy skriv granskande om tap og minne.