Eg er ein nynorskbrukar som brukar nynorsk utan skam. Slik har det vore i mange år. Men det hender av og til at eg kjenner litt utmatting ved bruken. Det hender at eg tenkjer at eg reduserer mine eigne moglegheiter. Det hender at eg lurer på kva som er vitsen, det hender at jeg spekulerer på om det virkelig er sant at det ville føles falskt og rart å skrive bokmål, slik som jeg jo kunne da jeg gikk på videregående og skrev bortimot perfekte norskstiler i sidemål, der de eneste feilene var vere med e i steden for med æ. Ville noen reagere om jeg skrev bøkene mine på bokmål? Om jeg skrev avistekstene mine på bokmål? Ville de merke det? Ville ikke leserne bare trekke et stille, lettelsens sukk?
Stilane mine i hovudmål var aldri feilfrie, og bøkene mine må alltid bli korrekturlese fleire gongar om dei skal følgje gjeldande språknorm, for eg orkar jo ikkje å slå opp i ordboka sjølv.
Det har hendt at eg har skrive Finn-annonsar på bokmål. Det har også hendt at eg har snakka til chatbots på bokmål, for å sleppe irritasjonen over ikkje å bli forstått. Og verst av alt: Då eg kjøpte fem plastboksar til bruk for sortering av skittentøy, skreiv eg på dei med sprittusj: HÅNDKLÆR og HVITE KLÆR. Eg tenkte at det måtte vere enkelt for ungane mine å følgje instruksjonane slik at kleda hamna i boks i staden for på golvet.
Rett nok skammar eg meg kvar gong eg ser desse påskriftene, men dette utslaget av svikefull slappheit varer diverre evig. Og ungane skriv bokmål, med godkjenning av foreldra. Dei har ikkje lært skilnaden på «målform» og «målføre», og eg gruar meg til den dagen dei skal lære sitt sidemål; eg torer ikkje presse dei til å vere nynorskens kvite riddarar, dei kjem til å latterleggjere mora sitt mål saman med klassekameratane sine, og eg kan ikkje håpe anna enn at dei skjuler dette for meg.
Men så skjer det noko! Brått står Jon Fosse på ei ferjekai på Frekhaug og seier at nynorsken har fått nobelprisen! Fosse veit sjølvsagt at det er han og hans skjønnlitteratur som har fått prisen, men han gjentek og gjentek at det er nynorsken som har fått prisen. Han takkar nynorsken for prisen. Han seier at Tarjei Vesaas og Arne Garborg også kunne ha vunne nobelprisen i litteratur. I pressemeldinga som er sitert i VG står det: «Ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takke nynorsken for prisen.»
«Det kan vere flautt også, for språket er ikkje ei kongekappe, det er ei bukse»
Av og til er det ikkje utmatting eg kjenner ved nynorskbruken, men derimot flauheit over at nynorsken står fram som ein slags religion.
Det er ikkje det at eg ikkje sjølv har reist meg opp, lagt handa på hjartet og avsunge «Nordmannen» av Ivar Aasen i djupt alvor og med tårene pressande på saman med andre ihuga nynorskbrukarar. Det er ikkje det at eg ikkje kjenner hjarta svulme når eg les Håvamål på nynorsk, avisartiklar i VG på nynorsk, vekebladartiklar på nynorsk eller butikkskilt på nynorsk.
Men det kan vere flautt også, for språket er ikkje ei kongekappe, det er ei bukse, det er ikkje eit høgtidsspråk, det er eit bruksspråk. Og slik sett er det nesten flautt at Fosse gjentek og gjentek hyllinga av språket sitt i det eine mediet etter det andre, som om det var bokmålet, eller dansken, som gav Bjørnson og Undset nobelprisane deira, eller tysken som gav den til Elfriede Jelinek. Sjølv er jo Fosse gitt ut på mange språk, langt frå berre på nynorsk, og ein gong heitte «Nokon kjem til å kome» «Noen kommer til å komme» på ei norsk teaterscene.
Men nei, eg blir ikkje flau, eg blir ikkje lei, eg blir ikkje utmatta. Det eg føler er kveik . Det eg tenkjer er «me heve ljos innvertes», som i si tid blei ytra i ein målsamanheng der straumen gjekk. Eg blir så glad for at Jon Fosse nyttar høvet, nobelprisen, til å løfte nynorsken, til å rose nynorsken, til å takke nynorsken. Språket er så lite, men mi tilknyting er så sterk. Det er så mange som vel språket vekk. Det er så mange som heller skriv engelsk. Det er så mange som kjem til å gje det opp; nokre i lette og med lett hjarte, andre etter press og med skam. Nynorsken kan døy og kva om det skjer i mi levetid – kven skal eg vere då?
Eg kan heller ikkje slå meg til ro med å vere ein nynorskbrukar utan skam. Eg må også takke målreisinga og nynorsken for det eg oppnår. Tarjei Vesaas skreiv at «det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld». Fosse har tidlegare sagt at han finn det nedverdigande å måtte argumentere for språket sitt.
Og no seier han at det er nynorsken som har fått nobelprisen! Me heve ljos innvertes!