Nils Henrik Smith har delt denne artikkelen med deg.

Nils har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Jan Egeland i Flyktning­hjelpen kallar Hamas-­angrepet terror. Men han vil framleis prate med organisa­sjonen på Gaza.

Bryt ikkje med Hamas

UROA: Jan Egeland seier at situasjonen no er den verste mellom Palestina og Israel sidan krigen i 1967. Her er han fotografert i samband med norske samtalar med Taliban på Soria Moria. Foto: Terje Pedersen, NTB

Generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen er skaka over det som har skjedd i Israel og i Gaza dei siste dagane.

– Det som no skjer, er større, verre og meir skjebnesvangert enn noko anna som har skjedd i området sidan krigen i 1967. Det finst ikkje noko anna måte å seie det på enn at dette er terror frå Hamas. Det er terror mot sivile, og det finst ingen måtar å forsvare det på, seier Egeland.

– De må jo samarbeide med Hamas på ulike måtar, sidan det er dei som er styresmaktene på Gaza, og de har fleire tilsette der. Vil dette angrepet på noko måte forandre korleis de møter Hamas, eller korleis de jobbar med dei?

– Nei, vi må berre ta til etterretning at det er Hamas som er styresmaktene der. Vi må fordømme handlingane deira når det er terror, men det er ikkje noko alternativ å ikkje prate med Hamas. Det vil vi halde fram med, seier Egeland.

Egeland understrekar at dei også må samarbeide med Hizbollah i Libanon og Taliban i Afghanistan, og at det er ei veksande utfordring for Flyktninghjelpen at organisasjonar som står på terrorlister, har kontroll over område der organisasjonen opererer.

Hamas er overalt

Måndag vart det kjent at Tyskland og Austerrike mellombels stoppar all bistand til Hamas. I Noreg har både Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet teke til orde for å gjere det same.

Angrepet på Israel byrja på morgonen laurdag 7. oktober, og det skjedde fleire ting samstundes. Hamas sende tusenvis av rakettar frå Gaza og inn i Israel, men dei tok seg også forbi sperringane som skil Gaza frå Israel, og forbi ein tungt vakta grenseovergang.

Ein paramilitær styrkje på kring tusen personar frå Hamas kom seg inn i Israel på pickup-truckar, motorsyklar, racerbåtar og paragliderar. Dei gjekk raskt til angrep på både israelske styrkar og sivile i byen Sderot, og i ei rekkje kibbutzar i området kring grensa til Gaza. I nærleiken av kibbutzen Re`im utførte Hamas ein massakre mot ein musikkfestival, og drap minst 260 festivaldeltakarar. Dødstalet frå massakren er venta å stige.

Til saman skal Hamas ha teke livet av minst 800 menneske etter at dei tok seg inn i Israel, og også det talet er venta å stige. Både fordi fleire er sakna, og fordi fleire tusen er skadde etter angrepa.

Israel har svart med å erklære krig mot Hamas, og i tida etter angrepet har minst fem hundre palestinarar mista livet. Det er venta at Israel kjem til å invadere Gaza med bakkestyrkar, og at mange fleire då vil miste livet.

Fleire politikarar i Israel har teke til orde for ei total øydelegging av Hamas. Avigdor Lieberman, partileiaren i det høgrevridde partiet Yisrael Beiteinu, har stilt det som eit krav.

Jan Egeland i Flyktninghjelpen seier at ei slik total øydelegging av Hamas ikkje er mogleg utan eit blodbad.

– Hamas er ei stor og omfattande rørsle, som er tett vove inn i samfunnet i Gaza. Det er politikarar, militære, organisasjonsfolk, aktivistar, byråkratar og mange andre grupper med folk. Desse bur overalt, og det er ikkje mogleg å isolere dei, seier Egeland.

Folk søv ikkje

Egeland har tett kontakt med sine eigne tilsette i Gaza og med deira samarbeidspartnarar.

Han seier at heile nabolag no får beskjed om at dei er legitime mål for israelske angrep, og at dei difor blir gjort heimlause og må flykte.

– Ingen kjem ut av Gaza, så det er ingen stader å flykte. Folk i Gaza søv ikkje om natta no, fordi dei skjønar at det som no kjem til å skje, er mykje verre enn dei forferdelege angrepa som har vore i Gaza tidlegare. Det er ein veldig redsel i folket no, seier han.

– Korleis går de fram for å hjelpe folk no?

– Det viktigaste vi skal gå i gang med no, det er å gje kontantoverføringar til folk som har forlate heimane sine, og som ikkje har noko som helst. Det finst 700 stader i Gaza der vi kan overføre pengar som dei kan ta ut ved hjelp av ein kode dei får frå oss. Då kan dei kjøpe seg mat og medisinar, og på den måten overleve, seier Egeland, og legg til:

– Når Israel no skrur av straumen, vil etter kvart sjukehus bli mørklagde, med alt det inneber. Då vil vi måtte møte dei utfordringane, seier han.

Meiner Hamas har lukkast

Kjetil Selvik er forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), og har både konflikt og Midtausten som sine spesialfelt.

Han har fylgt med på arabiske aviser og radiokanalar dei siste dagane, og han seier at framstillinga der er ein heilt annan enn i vestlege medium.

– I den arabiske verda er folk opptekne av at dette er ei historisk hending og ein stor suksess. Folk er imponerte over at Hamas har klart å skape så store bølgjer med angrepet sitt. Folk er opptekne av at dette endrar dynamikken i situasjonen, og dei ser på endringa som noko positivt.

– Kva trur du Hamas ønskjer å oppnå med dette angrepet?

– Eg trur dei ønskjer å igjen bli ein aktør som spelar ei rolle i dynamikken og i spelet. Dei har ei kjensle av at ting har skjedd over hovudet på dei, mellom USA, Israel og arabiske hovudstader. Dei vil ta attende styringa, seier Selvik og legg til:

– Det andre dei vil oppnå, er at dei vil vise den israelske befolkninga at det ikkje er mogleg for dei å oppnå tryggleik og sikkerheit gjennom å bure inne palestinarane i Gaza. Det er ikkje ein veg til fred og stabilitet, fordi når palestinarane ikkje har noko å tape, så er ikkje den type sikkerheit mogleg å oppnå, seier han.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!