Det var stor lokal motstand då Erna Solberg bestemte at Hydro og kraftselskapet Lyse skulle ta over det store kraftverket Røldal-Suldal på Vestlandet i 2020.
No har saka blussa opp att i kjølvatnet av aksjeskandalen med Solberg og ektemannen Sindre Finnes.
Annonse
Solberg og Finnes eigde nemleg kring 200.000 kroner i aksjar i Hydro då vedtaket vart gjort i 2020.
– Det er sørgjeleg, og det gjer oss forbanna. Vi meiner at vedtaket er ugyldig, og at det bør bli oppheva, seier leiar i grunneigarlaget i Røldal Olav Rabbe.
– Det er ikkje bra, seier ordførarkandidat for Høgre i Ullensvang Nils-Petter Freim.
No vil eit innbyggjarinitiativ i Ullensvang at heile vedtaket vert gjort om på.
Uro i Høgre
Klassekampen har prata med fleire som er aktive i Høgre i Ullensvang, og som ikkje ønskjer å uttale seg offentleg. Dei gjev uttrykk for at folk i lokallaget til Høgre er rasande på Erna Solberg og på måten ho har handtert dette.
Ordførarkandidat Freim har ein litt meir diplomatisk tone.
– Eg har heile tida sagt at eg har tillit til Erna Solberg, så lenge det ikkje kjem fram opplysningar som viser at ho har gjort noko ulovleg. Det skal både Økokrim og kontrollutvalet på Stortinget finne ut av.
– No seier Solberg sjølv at ho kan ha vore inhabil då ho gjorde Røldal-Suldal-vedtaket, og at ho burde ha fått habiliteten sin vurdert. Kva tenkjer du om det?
– Nei, det er klart at det er ikkje heilt bra, altså, seier Freim.
Stort kraftverk
Røldal-Suldal-kraftverket er eit kraftverk som produserer heile 3,5 TWh med kraft i året, og det vart bygd av Hydro for å gje straum til selskapets aluminiumsverk på Karmøy.
Annonse
Planen var heile tida at kraftverket etter kvart skulle gå tilbake til staten etter heimfallsretten, men i 2020 bestemte Solberg-regjeringa at Hydro likevel skulle få halde på det gjennom eit samarbeid med det offentleg eigde kraftselskapet Lyse.
Eit samrøystes kommunestyre i Ullensvang meiner at kommunen går glipp av millioninntekter ved at kraftverket vart tildelt Hydro og Lyse.
Mange av innbyggjarane meiner òg at Hydro har sloppe for billeg unna miljøkrav, sidan dei har fått halde fram med å drive etter dei ganske lausslopne miljøkrava som vart fastsett på byrjinga av 60-talet.
– Fram til kraftverket kom, var det både turisme og jordbruk her i området, men kraftverket har øydelagt for det. Det har øydelagt næringsgrunnlaget her, samstundes som det har skapt veldig få arbeidsplassar lokalt. Og vi som grunneigarar sit att med veldig lite, og det gjer også kommunen, seier Olav Rabbe i grunneigarlaget.
Han er ein av fleire som no er med på eit innbyggjarinitiativ for å få omgjort vedtaket. Klassekampen har prata med fleire Høgre-folk i Ullensvang som har sympati med innbyggjarinitiativet.
«Det er sørgjeleg, og det gjer oss forbanna.»
— Olav Rabbe, leiar i grunneigarlaget i Røldal
Annonse
Leit og trist
Medan Erna Solberg var statsminister frå 2013 til 2021, dreiv ektemannen hennar Sindre Finnes med storstilt handel med aksjar.
I fleire år fram til 2020 kjøpte Solberg og Finnes seg stort opp i Hydro, og auka verdiane frå kring 50.000 kroner til kring 200.000 kroner.
Då Klassekampen intervjua Erna Solberg om aksjeskandelen førre veke, innrømte ho at ho kanskje ikkje hadde handtert Røldal-Suldal-saka godt nok.
– Der har vi kanskje ikkje gjort god nok jobb, sa Solberg då Klassekampen konfronterte ho med at ho ikkje hadde fått habiliteten sin vurdert, og at ho ikkje hadde hatt oversikt over kor mange aksjar dei eigde i Hydro på det tidspunktet då Røldal-Suldal-vedtaket vart gjort.
Roald Aga Haug er ordførar i Ullensvang for Arbeidarpartiet, og det har han vore sidan 2019.
Han seier at han tykkjer det er gale at Solberg var inhabil då regjeringa hennar gjorde vedtaket i 2020, men at han endå ikkje veit kva følgjer det kan få.
– Vi har ikkje juridisk kompetanse nok til å vite om dette betyr at vedtaket er ugyldig, eller om det betyr at det kan bli gjort om på. Det vi kan seie allereie no, det er at vi tykkjer det er leit og trist å høyre at Solberg var inhabil då ho gjorde dette vedtaket. Det var jo eit veldig kontroversielt vedtak i si tid, og då er det gale at ho ikkje hadde orden på det, seier han.
Også leiar for det største partiet i kommunen, Senterpartiet, tykkjer saka er lei.
– Det er jo eit stort tankekors at Erna var ugild då ho gjorde det vedtaket, og at ho hadde økonomiske interesser i Hydro. Det er ikkje bra, seier Per Helge Sekse.