Her tuslar vi rundt, lasta med kvar vår historie, vel vitande om at vi alle skal ende i tidas kjeve. Det kan sjå ut som det hastar å koma dit, berre for å sitte å sjå på hjelpepleiaren som ikkje har tid til deg. Sidan tidas morgon har sekunda vore ferskvare og lynraskt fått status som forhistorie, det vakraste gnistregn nyårskvelden kan ikkje endre på det.