Eg har ein fyrsteklassing. Det vil seia, eg har mange ungar, men ein av dei er fyrsteklassing. I haust byrja ho i ein fyrsteklasse der ho nesten ikkje kjende nokon av dei andre jentene frå før, og eg kjende heller ikkje så mange av foreldra. Eg reflekterte ikkje så mykje over det, det er kanskje dårleg mamma-stil. Men det må andre foreldre ha gjort, for jenta mi vart invitert på besøk til den eine og den andre som eg ikkje ante kven var. Dei hadde ikkje trengt å gjera det, foreldra hennar er jo både innflyttarar og litt rare, men det gjer dei, altså. Og av og til spør dei om eg vil ha kaffi i tillegg.