Kvarg Nikolai Svartaasen
Siste reis
Folk døyr ikkje ofte nok.
Kyrkja på haugen var ekstra kvit denne dagen i desember. Snøen låg som eit kvitt laken over dei halvstelte gravsteinane. Rundt sto store og små og gret. Eit familiemedlem hadde gått bort, og dei næraste slektningane sto samla rundt det nærmast rykande ferdiggrove holet.
Mykje rart surrar rundt i hovudet på ein slik dag. Ein tenkjer klart, men likevel er det litt som å vere rusa. Etter ei stund kunne eg skimte presten i det fjerne.