Alidaiemann 7. mai
Plattforma Det kan vere langt til Sverige, som det er her på Vestlandet. Burde ikkje vi få eit tilbod for å kompensere for manglande harryhandel over grensa? Lars Sponheim kalla det harry å reise til Sverige for å handle, og eg vil nok gje han rett i at folkeslaga aust for vasskiljet er eit knepp eller to meir harry enn her vestpå, sjølv om vestlendingane flest ikkje skjemst over å vere harry.
Det vart bråk den gongen, men Einar Førde tok han i forsvar. «Han kunne sjølvsagt ha sagt at ‘den privatøkonomiske fordel ved å handle i Sverige er betydelig overvurdert’. Då ville ikkje ein kjeft ha reagert. Men då ville vi gåt glipp av tusenvis av forbanna, engasjerte menneseke som nå kjenner at den politiske debatten vedkjem dei og gir dei hug til å ytre seg», skreiv den tidlegare arbeidarpartipolitikaren i ei av dei mange spaltene hans i Bergens Tidende.
Heldigvis finst det løysingar på denne, som med dei fleste andre utfordringane. Det grøne skiftet skal jo visstnok kome ein eller annan gong, og då står det plattformer ute i havet som ikkje er i bruk til nokon ting.