I utstillinga «Sound Botánica» har kynismen beundringsverdig dårlege vekstvilkår.

Kunst med klangbotn

PERSONLEG: Alle Maravillas arbeid spring ut frå ein utførleg personleg mytologi, som «Disease Throwers», der gongongar er hengt opp i eit stålreisverk. FOTO: CHRISTIAN TUNGE, HENIE ONSTAD KUNSTSENTER

Glitrande paljettar og glinsande gongongar møter publikum i Henie Onstads soloutstilling med Guadalupe Maravilla, den Brooklyn-baserte kunstnaren som er andre mottakar av kunstsenterets Lise Wilhelmsen Art Award. Prisen er retta mot internasjonale kunstnarskap, og Maravilla – som for tida òg viser arbeid på Moma i New York – fyller kriteria på meir enn éin måte. I «Sound Botánica» rettar han tilskodarens merksemd mot migrasjon, mot trauma som følgjer i flyktningars fotefar, mot den fysiske kroppens sårbarheit og mot ei spirituell tilnærming til fysiske realitetar. Det er ei kompakt og kompleks utstilling, full av overraskande objekt og kuriøse samanstillingar, som langt på veg begeistrar berre i kraft av kor interessant ho er å sjå på. Det verkeleg rørande er likevel at Guadalupe maktar å smi truverdige band mellom kunsten og strevet for ei meir human verd.

Kultur