I det siste har det vore ein del skriving her i avisa om krisa for framandspråka i norsk skule. Denne diskusjonen ber litt preg av apokalypse no igjen, eller déjà vu all over again, som det heiter på halvtanna framandspråk, sidan engelsk, altså i praksis amerikansk, ikkje lenger offisielt blir rekna som framandspråk i Noreg. Påstanden om at det snart er ute med framandspråka har iallfall blitt lansert med jamne mellomrom så lenge eg kan hugse. Om det verkeleg gjev meining å kalle det ei krise når 198 elevar har fordjuping i fransk på vidaregåande og 10.000 har fordjuping i matte, veit eg ikkje. Det hadde nok vore ei større krise dersom det forheldt seg omvendt, vil eg tru. Men det er klart at det oppstår problem når me forventar at nesten all kommunikasjon med nærområdet skal glide uproblematisk på amerikansk.
Mistar vi språket til andre kulturar, er det ikkje berre orda som går tapt.