Kultur i nyli­be­ra­lismens tid

VERK ELLER VARE? Ikkje all kunst kan gå på samleband, skriv Eilev Groven Myhren. Her biletkunstnar Vanessa Baird i gang med et verk (ikkje ein vare). FOTO: ANNIKEN C. MOHR

Eit nyliberalistisk kunstsyn er prega av tanken om tilbod og etterspørsel, ettersom «kunst» er rekna som produksjon, ikkje eit spørsmål om skapande evne. Ifølgje same tankegang er det ferdige verket «produkt» eller «vare». Ordet «kunstverk» er for tida heilt ute av ordlistene. Kunstnarar av ulike slag, både dei plastiske (biletkunst, skulptur og handverk) og dei musiske (musikarar, skodespelarar, dansarar og forteljarar), er dermed tvinga inn i eit spor der det er viktig å «dokumentere produksjon» for å rettferdiggjera økonomisk støtte.

Meninger