Vi hyttefolk får visst aldri nok skryt, godord og medvind. Endå vi legg att peng nedi bygda og fotavtrykk til fjells, så er det ikkje mange nok som takkar og neiar og bukkar. Vi held snikkarar og elektrikarar og heimehjelper og bygdebyråkratar og utanlandske sjåførar med arbeid. Men kvar er takken? Og korleis?