Dagboka

Trafikk

  • Då eg var lita, gjekk det ein serie på barne-tv som heitte «Flukta frå dyreskogen». Det som gjorde særleg inntrykk, var farane som truga då dyra skulle kryssa den trafikkerte vegen på veg til Hjorteparken, der dyra var trygge for menneska. nn I går kom tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som viste at jaktåret 2018/2017 var eit særdeles brutalt år for tusenvis av dyr som skulle kryssa trafikkerte vegar og jernbane. Heile 8600 dyr blei påkøyrt og drepne av bil eller andre motorkjøretøy, mens 1600 dyr møtte bøta med livet i møte med tog. Med andre ord kosta trafikken nær 10.200 dyreliv. Dette inneber at heile 28 dyr mista livet langs norske vegar og togliner kvar dag i året som gjekk. Det var 2900 fleire enn året før. Rådyr er mest utsett for trafikkdød, ifølge SSB. Heile 6599 rådyr blei drepne av bil eller tog. Det er ei auke på 25 prosent frå sesongen før. Aller farlegast for rådyra var det i Hedmark, der nær tusen rådyr blei drepne. Ifølge SSB var det ei stor auke i elg som blei drepne av tog. Flest elgpåkøyrslar av tog var det i Nordland (254) og Hedmark (239). nn Dyrevelferd står høgt på agendaen i mange samanhengar. Torsdag kveld vedtok Stortinget ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Dei siste åra har det vore prøvd ut eigne dyrepoliti i både Hordaland og Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark, Østfold, Rogaland og Trøndelag. For tida ligg det eit forslag på høyring om å endra lova for laksefisk og innlandsfisk. Forslaget inneber at den øvre strafferamma for grov ulovleg fiske blir høgare. Ifølge SSB er hovudforklaringa for dei mange påkøyrslane i fjor ein lang og kald vinter, som gjer at viltet trekker ned mot vegar og jernbane. Kald vinter eller ei. Trafikkdøden, som også kan skapa farlege situasjonar for han eller ho som sit bak rattet, bør få meir merksemd.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Bibliotek

Var det noen gang slik at bibliotekarer var snurpete damer med stram hårknute i nakken og nådeløse blikk over lesebrillene ved brudd på drakoniske stillhet- og atferdsregler? Som med streng mine kunne inndra lånekortet og forvise deg for en uke eller fire? Som bibliotekar-barn tilbrakte jeg lørdager i barneavdelingen (mens mora mi hadde lørdagsvakt) med bunker av tegneserier (Alvefolket!), og jeg brukte Operasjon Dagsverk til å rydde i magasinet på Kløfta bibliotek. Det er noe eget med disse minnene sammenliknet med andre barndomsminner. Jeg husker bare ting jeg selv holdt på med (jeg tolker det som at det var lite sjenerende atferd fra andre), og minnene inneholder ingen elementer av lyd (som bør bety at det var stille rundt meg). Avisa Oslos omtale av situasjonen på Deichman i Bjørvika i Oslo, gir meg derfor følelsen av at sivilisasjonskollaps nærmer seg. Eventuelt at jeg raskere enn fryktet er i ferd med å bli gammel. Avisa skriver om 300 avviksmeldinger på to år. Og det er ikke knirkete gummisko mot linoleumsgulv eller prating på lesesalen.

Skolen

I dag legges de nye Pisa-resultatene fram. Jeg har ikke sett dem, men de er sikkert dårlige. Det er mye som ikke funker som det skal i norsk skole. For mange mistrives. For mange, særlig blant gutta, gjør det for dårlig i lesing og matte. Det er ingen grunn til å glemme alt det som funker fantastisk godt i norsk skole: Som naturfaglæreren til en av døtrene mine. Forrige uke kjørte han fem timer, tur-retur mellom Trondheim og Steinkjer på fritida.

Borgfred

Borgfred fekk si moderne politiske tyding i Tyskland i 1914, då dei marxistiske sosialdemokratane valde å leggje klassekampen til side for å støtte keisar Wilhelm i krigen. Seinare skildra Lenin det som eit stort svik at dei tyske sosialdemokratane gjekk med på borgfreden. Eigentleg var burgfrieden eit omgrep dei nytta i Tyskland i mellomalderen for å skildre eit forbod mot feidar inne i ei borg. Ei typisk mellomalderborg kunne ha 50 fastbuande på eit ganske lite område. Då er det ikkje så rart at det oppstår intrigar og drama. Kanskje smeden hadde hatt eit forhold til kona til bakaren, til dømes. Flott å vite at dei la det frå seg under angrep. Noreg er eit av få ­europeiske land der det eigentleg ikkje har vore så mange borger, men me var ikkje heilt borglause.