Politikken går snart inn i valkampmodus. Valkampstrategane er i ferd med å knekka ut strategiar for å nå både kjerneveljarane og dei stadig fleire trulause veljarane, sofasittarane og førstegongsveljarane. Statsrådar, stortingspolitikarar og det store maskineriet med betalte rådgivarar skal snart reisa Noreg rundt.