Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trafikk

  • Då eg var lita, gjekk det ein serie på barne-tv som heitte «Flukta frå dyreskogen». Det som gjorde særleg inntrykk, var farane som truga då dyra skulle kryssa den trafikkerte vegen på veg til Hjorteparken, der dyra var trygge for menneska. nn I går kom tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som viste at jaktåret 2018/2017 var eit særdeles brutalt år for tusenvis av dyr som skulle kryssa trafikkerte vegar og jernbane. Heile 8600 dyr blei påkøyrt og drepne av bil eller andre motorkjøretøy, mens 1600 dyr møtte bøta med livet i møte med tog. Med andre ord kosta trafikken nær 10.200 dyreliv. Dette inneber at heile 28 dyr mista livet langs norske vegar og togliner kvar dag i året som gjekk. Det var 2900 fleire enn året før. Rådyr er mest utsett for trafikkdød, ifølge SSB. Heile 6599 rådyr blei drepne av bil eller tog. Det er ei auke på 25 prosent frå sesongen før. Aller farlegast for rådyra var det i Hedmark, der nær tusen rådyr blei drepne. Ifølge SSB var det ei stor auke i elg som blei drepne av tog. Flest elgpåkøyrslar av tog var det i Nordland (254) og Hedmark (239). nn Dyrevelferd står høgt på agendaen i mange samanhengar. Torsdag kveld vedtok Stortinget ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Dei siste åra har det vore prøvd ut eigne dyrepoliti i både Hordaland og Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark, Østfold, Rogaland og Trøndelag. For tida ligg det eit forslag på høyring om å endra lova for laksefisk og innlandsfisk. Forslaget inneber at den øvre strafferamma for grov ulovleg fiske blir høgare. Ifølge SSB er hovudforklaringa for dei mange påkøyrslane i fjor ein lang og kald vinter, som gjer at viltet trekker ned mot vegar og jernbane. Kald vinter eller ei. Trafikkdøden, som også kan skapa farlege situasjonar for han eller ho som sit bak rattet, bør få meir merksemd.