20. juni
Sløsing Eg tykkjer Sløseriombudsmannen er ei nyttig side å følgje med på, for då får eg stadfesta inntrykket eg har av at sløsing i offentleg sektor ikkje er eit så stort problem som nokre skal ha det til. Eg vil heller leve i eit samfunn der sykkelvegar vert bygd, offentleg eigde trehus vert pussa opp og kommunale kinoar er i drift, enn den kalde og sterile verda ombudsmannen ynskjer seg.
Særleg er han kritisk til at kunstnarar med offentleg støtte gjer så mykje rart. Eg tykkjer eigentleg og at det verkar som at dei gjer mykje rart, men også mykje bra. Og slik må det vel vere? Eg veit ikkje om Sløseriombudsmannen ynskjer seg kraftige reduksjonar i løyvingane til kunstnarar, eller at dei ikkje skal få lov til å skape kunstverk som han tykkjer ser rare ut. Uansett er eg nok usamd.
No er norsk film inne i det filmkritikar Lars Ole Kristiansen kallar den fyrste og einaste gullalder. I Dagens Næringsliv er det fleire som tek til orde for at den gledelege utviklinga som no skjer innanfor filmbransjen, er ein konsekvens av dei rause løyvingane som skjedde då Trond Giske var kulturminister.
Aleksander Åsnes