«Om du vil ha meg får du ta meg som jeg er. Jeg bare er slik som du ser helt ordinær.» Songstrofene frå ein norsk 70-talslager kom kasta over meg her ein kveld. Sidan har eg freista å finne resten av teksten, så langt utan å lukkast. Slageren er frå ei tid der det å vere ordinær ikkje var noko å mase om. Dei aller fleste var ordinære og var stort sett nøgde med det, sidan det var ganske vanleg å leve slik.