Kvarg

Akkurat nå

Trass i at eg ikkje les aviser eller følgjer særleg med på det som skjer rundt om i verda, har det seg ein gong slik at eg ofte får med meg ting som påverkar meg indirekte. Ofte er det likesinna personar som får gjennomgå. Denne gongen er det ein vakker og i mine auge enno ung mann som har gjort suksess på heimebane. I ferien var Per i periferien. Han har funne seg ei ung, flott sydlandskvinne, men det er det ingen som skal akseptere. Det smell frå alle kantar. Days of trønder. Fire pils og ei fatwa. Men faktum er at Per har blitt prinsen av Per-sia. Ho seier at ho elskar han fordi han er frå Skogn, medan alle andre trur det er snusk, spionasje og smugling av rogn. Frå ein kunstnars perspektiv høyrest historia ut som eit Nigeria-brev-samarbeid mellom Aune Sand og Tore Ryen, men eg kryssar fingrane for at det er ekte denne gongen og at han ikkje blir lurt trill rundt slik eg har blitt nokre gonger. Til og med eg vil unngå at heile Frp-Noreg blir fullblods nazistar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Mer fra Klassekampen

Barnevern

16 private barne­verns­selskap på Østlandet har koplinger til kriminelle miljøer.

Olje

Mens olje­bran­sjen varslar ny leite­of­fansiv, fryktar Natur­vern­for­bundet oljeboring nokre kilometer unna Jæren i Rogaland.

Horisont

Israel er ikke medlem av alliansen. Likevel blir landets konflikter stadig vanske­li­gere for Nato å holde på avstand.