Portugal
Sophia og revolusjonen
En interessant artikkel om Nellikrevolusjonen og eit nokså nedslåande innlegg om dagens situasjon i Portugal i Klassekampen 25. april inspirerte meg til å sitere den portugisiske diktaren Sophia de Mello Breyner Andresen, som trass i svært velståande bakgrunn alt frå 50-talet vender seg aktivt mot Salazars brutale regime.
Rikdommen ga Sophia, som ho berre heiter i heimlandet, makt til å kunne opponere straffefritt. På sjølve revolusjonsdagen skriv ho full av håp:
25. april 1974 / Dette er morgonen eg venta på / den første dagen heil og rein / der vi stig ut av natt og stille / Og lever fritt i tidas kjerne.
Ho engasjerte seg ikkje berre i dikt for det nye demokratiet, men også i handling, og sat det første året i parlamentet for Sosialistpartiet og Porto.
Først og fremst er ho ei som diktar om natur og hav. Men kampen for rettferd er etter hennar syn eit grunnelement i all dikting. For «er du i stand til å sjå kor sjokkerande flott verda er, er det logisk at du også ser det sjokkerande elendet».
Og ho slår hardt ned på hyklarar og demagogar:
I ilske og harme klagar eg demagogen og all hans ordkapitalisme / For det skal ein vite, at ordet er heilagt / i all si tid har eit folk ført det med seg / gjort ordet til verje for folkesjela.
Ein god del dikt som eg sjøl gjendikta til norsk finst i «Sjøfarar», i serien Stemmens kontinent, Cappelen 2000 – og kanskje på biblioteket? Sophia går ikkje ut på dato.
Tove Bakke