Ekspertveldet gjev tommel opp

Laurdag kveld var det tradisjonell landsmøtefest i Frp. I Frp har dei ikkje innført nachspiel-nekt, slik Høgre gjorde. Diskusjonen om festkulturen i andre parti har slett ikkje slått inn i Frp etter metoo-vinteren. I staden har partiet diskutert valet av ny vin. Dei får tommel opp frå dei såkalla ekspertane, som Frp-arane sikkert ville sagt. «En folkevin i positiv betydning av begrepet», seier vinekspert Aase E. Jacobsen til NTB om valet av Saint-Vincent 2016. No stør til og med ekspertveldet opp om Frp. JK

Politikk