Det blir gjort utruleg mykje godt arbeid ute i partia for å ta arbeidet mot seksuell trakassering meir på alvor framover. Fortida får ein ikkje gjort all verdas med. Framtida skaper vi sjølve. Så er spørsmålet korleis ho blir skapt. I går hadde partileiarane eit møte om arbeidet i etterkant av metoo-kampanjen og konsekvensane han har hatt for norsk politikk. Alle partia har fått varsel om seksuell trakassering eller uønskt seksuell merksemd, og Høgre-leiar Erna Solberg tok initiativ til eit slikt møte.