Eit bidrag til allmenn forvirring

I onsdagens Med andre ord skriv professor Henrik Svensmark om kosmisk stråling og klimaet på jorda. Ei overskrift er: «Ny forskning viser at stjernene er med på å bestemme CO2-nivået i atmosfæren». Sensasjonelt! Men ikkje truverdig. Har den kosmiske strålinga endra seg dei siste 60 åra? Artikkelen viser ingen tal for dette. Dei burde ha vore svært tydelege, for dette gjeld ein periode med ein dramatisk auke i CO2-nivået i atmosfæren. Den kosmiske strålinga i desse åra har vel endra seg lite? Men det vi veit er at vår brenning av fossil energi er firedobla dei siste 60 åra. Her er ein klår samanheng.

Debatt