I kjølvatnet av metoo må teatret ta sitt ansvar, ikkje berre som arbeidsgjevar, men og som premissleverandør for korleis me tenkjer om kjønn.
Ubehaget. Det var ikkje til å ta feil av då eg såg metoo-meldingane poppe opp på Facebook, medan det enno var eit fenomen som berre rørte seg i sosiale medium. Eg kjende på eit ubehag, blanda med kjensla av at dette er bra, dette treng me jo, men det er noko som skurrar. Kvifor det skurra, stod klart for meg først når metoo-bølgjene sprengde seg ut av Facebook, inn i dagspressa og opp på ei av Sveriges største teaterscener. Eg kjende på ei form for indre kollaps; ei isbergsmelting, og ei takksemd – dette er ein revolusjon.