Det finst to radikalt ulike variantar av ideologien nasjonalisme. Det er overlag viktig å sjå skilnaden mellom dei.

Kva slags nasjonalisme?

O, store germania! I reindyrka etnisk variant ovrar nasjonen seg som den store mora som særleg mennene har plikt til å verje, skriv Jon Hellesnes. Freske av Philipp Veit: «Germania», 1848de

Ut frå marknadsliberalismen, som er ein dominerande ideologi, er nasjonalstaten forelda. All nasjonalisme blir dermed stempla som reaksjonær. Anti-nasjonalismen er marknadsført som progressiv. Samtidig ser det ut til at nasjonalstatar trengst for å halde ved lag eit minimum av velferd og demokratisk rettsstat. Slik sett kan det vere eit poeng i å tenke over «nasjonalismeproblemet». Siktemålet i dette skriftstykket er å gjere merksam på visse moment eller nyansar som høyrer med i ei forståing av kva nasjonalisme inneber.

Meninger