Om liv og lære

I det første avisintervjuet Thorhild Widvey hadde som ny kulturminister hausten 2013, sa ho at det viktigaste målet i mediepolitikken skulle vera mangfald. Sidan var det støttepartia Venstre og KrF som måtte hindra henne i å strupa mediestøtta, noko som kunne ha betydd kroken på døra for mange lokal- og meiningsaviser. Nåverande kulturminister Linda Hofstad Helleland seier også at mangfald og gode vilkår for pressa er ei hovudsak (Klassekampen 9. februar). Men ho vil ikkje løfta peikefingeren mot regjeringskollegaer som brenn og vil boikotta aviser dei er sinte på. Her er med andre ord ein viss avstand mellom idealisme og praktisk politikk.

Debatt