I Nord-Irland kan ei munter kakebestilling bli til ei politisk handling.

Likestil­lings­glasur

Kontroversiell: I Nord-Irland er retten til å inngå ekteskap framleis avgrensa til par av ulikt kjønn. Her frå ein demonstrasjon i Belfast i fjor sommar. foto: PAUL FAITH, AFP/NTB Scanpix

I mai 2014 gjekk ein fyr som heiter Gareth Lee inn i eit bakeri i Nord-Irland, og bestilte ei kake. Kaka skulle pyntast med eit bilde av Sesame Street-figurane Bert og Ernie, og parolen «Support Gay Marriage», saman med logoen til aktivistorganisasjonen Queer Space. Kaka var tinga til Den internasjonale dagen mot homofobi. Her i landet har denne dagen, den 17. mai, dessverre drukna i markeringar av meir lokal karakter. Teksten på kaka hadde vore ukontroversiell i store delar av Europa, men ikkje i Nord-Irland, der retten til å inngå ekteskap var avgrensa til par av ulikt kjønn, og er det framleis. Dermed var kaketeksten ei politisk ytring, og kakebestillinga ei politisk handling. Det bakeriet der Gareth Lee tinga kaka si, heiter Ashers Baking Company. Ashers er ei stor forretning som sel varene sine i alle delar av Dei britiske øyane, og er styrt av McArthur-familien. Dei er fundamentalistiske, evangeliske kristne.

Feminist javisst