No har vi enda ein gong slite oss gjennom MGP. Som kulturforskar er ein ofte nøydd til å ofre seg, og dette gjer eg utelukkande for å hauste takk frå det norske folk. Reint musikalsk er jo songtevlinga grufull, og det må vere klinkande likegyldig for dei aller fleste om Bong-donga-long frå Moldova slår ut Pling-linga-ling frå Portugal, eller omvendt. Og til liks med det meste i det nyliberale dystopiet blir det musikalske i MGP stadig verre. Iallfall i gamle dagar kveda barmfagre søreuropeiske songdamer svulstige balladar, og hiksta seg fram mot eit melodramatisk teppefall i ein crescendo av noggrant innstudert affekt. Dei nordeuropeiske innslaga var helst lettare, eventuelt bevisst profilerte med innslag av alt frå Kraftwerk-inspirert industriell rock, etniske minoritetar, satanistar med meir.
Når MGP ikkje eingong har kjønnspolitisk brodd, syng det på siste verset.