Skule, barnehagar og eldreomsorg: Kommunane har store oppgåver i liva til folk flest. Denne veka kunne kommunalminister Jan Tore Sanner presentere regjeringas kommuneproposisjon, der han varsla nye pengar: «Kommunesektoren får en vekst i frie inntekter mellom 3,75 og 4 milliarder kroner», skreiv departementet i si pressemelding.
Sanner meiner han legg fram eit godt kommunebudsjett. Ap rasar mot talbruken: