Livsverk: Få har forma vårt bilete av tysk litteratur meir enn omsetjar Sverre Dahl.
Lista over bøker Sverre Dahl har omsett frå tysk til norsk, er lang – bokstaveleg tala. Oversikta over omsetjarverket hans tel seks sider, og det er snakk om rundt 150 verk – ein imponerande produksjon. Han har gitt oss Ingeborg Bachmanns språkfilosofiske og feministiske essay, Hans Keilsons vemodige Holocaust-forteljingar, Thomas Bernhards kritiske etterkrigsromanar, Christa Wolfs syn på gjenforeininga av landet og det leikne idéstoffet til Daniel Kehlmann på norsk – for å nemne noko – og hatt ein finger med i spelet i stor delar av den tyskspråklege litteraturen som er å lese på norsk.