HELTINNE: Den ukrainske hæren begynte i går å trekkje seg tilbake frå fronten. Samstundes har Ukraina fått ei ny krigsheltinne: ein 33-årig jagarpilot som sveltestreikar i russisk fengsel.
Onsdag fekk Vladimir Putin overlevert over 11.500 underskrifter frå folk som krev at den ukrainske militær-navigatøren Nadezjda Savtsjenko blir sett fri frå russisk varetekt. Ho har vore fengsla sidan juni 2014 og har dei siste 75 dagane sveltestreika i protest.