NY STAT: Verda bør stø kampen for eit fritt Kurdistan i Irak og væpne kurdarane i kampen mot IS, meiner Per Sandberg. Han møter motbør frå Høgre, men framlegget får støtte frå forskarar.
– Verdssamfunnet har eit felles ansvar for å stoppe dei bestialske overgrepa IS no utfører i Irak. Sjølv David Cameron seier jo at humanitær bistand ikkje er nok, seier Per Sandberg.