U-SVING? I dag er Miljøpartiet Dei Grøne for å oppheve sexkjøpslova. Sterke krefter jobbar no for at MDG skal endre syn. Partiets einaste stortingsrepresentant opnar for å stemme på tvers av programmet.
På fredag opnar Miljøpartiet Dei Grøne sitt aller fyrste landsmøte som stortingsparti. Eit av stridsspørsmåla blir kva partiet skal gjere med vedtaket om å oppheve sexkjøpslova.