I desse dagar gir forlaget L.S.P ut ei norsk utgåve av boka «Budskap til verden. Osama bin Ladens brev og taler». I samband med utgivinga planla forleggar Frode Saugestad eit lanseringsarrangement saman med bokhandelen Tronsmo i Oslo. I siste liten trekte Tronsmo seg ut av samarbeidet, og skreiv i ein e-post til Saugestad at dei heller ikkje ønskte å selje boka i butikken.