Av alle tenkjelege og utenkjelege autoritetar som blir drege inn som argument for å halda jødisk religion utanfor analysen av palestinakonflikten kjem Peder Martin Lysestøl 1. juni dragande med Isaac Deutscher. Kanskje det hadde vore ein ide å lesa kva Deutscher har skrive om spørsmålet først? Deutscher var marxist. Men han kjende også den jødiske religionen frå innsida: Han vart rabbi etter ein totimars disputas om spyttet til sagnfuglen Kikiyon.